«Alabama Song» (òg kjend som «Whisky Bar» eller «Moon over Alabama» eller «Moon of Alabama») vart opphavleg publisert i Bertolt Brecht sin Hauspostille (1927). Han vart sett til musikk av Kurt Weill i 1927 for «songspelet» Mahagonny og igjen nytta i Weill- og Brecht-operaen Rise and Fall of the City of Mahagonny i 1930. I sistnemnde vert han sungen av rolla Jenny og dei prostituerte venene hennar i første akt. Musikalsk inneheld han element av foxtrot, blues og vert sungen av Jenny Corless.

Teksten til «Alabama Song» er i engelsk og vert sungen på engelsk sjølv om den originale operaen er tyskspråkleg.

The Doors-versjonen

Songen vart innspelt i 1967 av rockebandet The Doors (tilskriven på albumet som «Alabama Song (Whisky Bar)»). Frontmannen i the Doors, Jim Morrison, endra det andre verset frå :

Show us the way to the next pretty boy til Show me the way to the next little girl.

I tillegg er eine verset frå originalen, Show me the way to the next little dollar fjerna.

David Bowie-versjonen

Bowie, som var tilhengjar av Brecht, spelte songen på verdsturneen sin i 1978. Han spelte inn songen i studioet til Tony Visconti etter den europeiske delen av turneen, og gav han i 1980 ut på singel for å oppfylle og ende kontrakten med RCA.

Med uvanlege toneartendringar «verka singelen som eit kalkulert trekk for å forstyrre eit kvart radioprogram der han var heldig nok til bli spelt».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.108 Med ein enkel, akustisk versjon av «Space Oddity», innspelt i desember 1979, nådde singelen likevel 23. plass i Storbritannia. Konsertutgåva av songen frå 1978 vart gjeven ut på Stage.

Bowie spelte seinare i BBC-utgåva av Brecht sin Baal, og gav ut ein EP med songar frå stykket. Han spelte «Alabama Song» igjen for Sound+Vision-turneen i 1990 og på Heathen-turneen i 2002.

Medverkande David Bowie: Vokal, Gitar Adrian Belew: Gitar Carlos Alomar: Gitar Simon House: Fiolin Sean Mayes: Piano Roger Powell: klaverinstrument George Murray: Bass Dennis Davis: Trommer

Andre versjonar Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre: Joe Frazier, of the Chad Mitchell Trio on The Slightly Irreverent Mitchell Trio i 1964 Dave Van Ronk i 1964 og 1992. Jacques Higelin i 1966 (fransk tekst av Boris Vian) Les Cruches, i 1967 Mike Westbrook Bette Midler. Abwärts Dalida Električni Orgazam Nina Simone Moni Ovadia Ute Lemper The Young Gods David Johansen Marianne Faithfull eX-Girl Kazik Staszewski Dee Dee Bridgewater Marilyn Manson The Bobs Arthur H. Max Raabe Peter Nordahl Trio Cabaret de Pierrot le Fou Amy X Neuburg The Sextet of Orchestra USA Gianluigi Trovesi og Gianni Coscia

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alabama Song» frå , den 17. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå musikalar Kategori:Songar frå 1927 Kategori:Ariar Kategori:Songar om Alabama Kategori:Songar om alkohol Kategori:Songar med musikk av Kurt Weill Kategori:Songar med tekst av Bertolt Brecht Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:The Doors-songar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Ute Lemper-songar Kategori:Marianne Faithfull-songar Kategori:Nina Hagen-songar Kategori:Johnny Logan-songar