mini| Eurovision Song Contest 1981 (ESC 1981) var den 26. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Simmonscourt Pavilion of the Royal Dublin Society i Dublin i Irland. Finalen fann stad laurdag 4. april. Storbritannia vann konkurransen med songen «Making Your Mind Up», framført av Bucks Fizz på engelsk.
Kypros debuterte i konkurransen dette året. Israel kom tilbake til konkurransen etter ikkje å ha deltatt i 1980. Jugoslavia returnerte også til konkurransen etter å ikkje ha deltatt sidan 1976. Italia trekte seg frå konkurransen grunna manglande interesse i heimlandet, og Marokko avstod frå å delta i konkurransen etter å ha deltatt for fyrste gong året før.
Bidraga
Finale Finalen vart halden den 4. april 1981 i Simmonscourt Pavilion of the Royal Dublin Society. Storbritannia vann konkurransen for fjerde gong. Luxembourg og Danmark kom på ein delt 11. plass. Tyrkia og Portugal kom på ein delt 18. plass. Noreg sitt bidrag, Aldri i livet av Finn Kalvik, kom på sisteplass med null poeng. Under poengutdelinga levde resultatlista sitt eige liv, poeng kom og forsvann, på eit tidspunkt hadde Irland heile 326 poeng.
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Marty Brem «Wenn du da bist» Tysk 17 20 2. Modern Folk Trio & Ayşegül «Dönme Dolap» Tyrkisk 18 9 3. Lena Valaitis «Johnny Blue» Tysk 2 132 4. Jean-Claude Pascal «C'est peut-être pas l'Amérique» Fransk 11 41 5. Hakol Over Habibi «הלילה» («Halayla») Hebraisk 7 56 6. Tommy Seebach & Debbie Cameron «Krøller eller ej» Dansk 11 41 7. Vajta «Lejla» Serbo-kroatisk 15 35 8. Riki Sorsa «Reggae OK» Finsk 16 27 9. Jean Gabilou «Humanahum» Fransk 3 125 10. Bacchelli «Y sólo tú» Spansk 14 38 11. Linda Williams «Het is een wonder» Nederlandsk 9 51 12. Sheeba «Horoscopes» Engelsk 5 105 13. Finn Kalvik «Aldri i livet» Norsk 20 0 14. Bucks Fizz «Making Your Mind Up» Engelsk 1 136 15. Carlos Paião «Playback» Portugisisk 18 9 16. Emly Starr «Samson» Nederlandsk 13 40 17. Yiannis Dimitras «Φεγγάρι καλοκαιρινό»(«Feggari Kalokerino») Gresk 8 55 18. Island «Mónika» Gresk 6 69 19. Peter, Sue & Marc «Io senza te» Italiensk 4 121 20. Björn Skifs «Fångad i en dröm» Svensk 10 50
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ESC 1981» frå , «ESC 1981» frå og VG.no, den 18. mars 2011.
Kategori:Musikk i 1981 Kategori:Eurovision Song Contest etter år