Øyvind Berg () er ein norsk tidlegare skihoppar. Under Ski-VM 1993 i Falun var Berg med på det norske gullaget i lagtevlinga. Dei andre på laget var Bjørn Myrbakken, Helge Brendryen og Espen Bredesen. Berg var medlem av Høland Idrettslag.

Karriere Berg fekk sin debut i verdscupen i skihopping i Örnsköldsvik i mars 1990. Kort etter vart han nummer 12 og nest beste nordmann i Holmenkollrennet. Året etter gjorde han si beste tevling då han mot tampen av 1991-sesongen kom pallen under eit verdscuprenn i Trondheim. Han var langt bak vinnaren Heinz Kuttin, men berre 0,6 poeng bak toaren Mikael Martinsson frå Sverige.

I noregsmeisterskapar vann Berg årleg ein medalje i kvar av sesongane frå 1992 til -95, fyrst ein bronse og sidan tre sølv.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1990: Nr 12 i Holmenkollen 1991: Nr 3 i Trondheim 1991/92: Nr 6 i Thunder Bay 1993: Nr 7 på Lillehammer 1994: Nr 9 i Sapporo 1996: Nr 10 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1988: Nr 9 i storbakken på Rena Ski-NM 1990: Nr 7 i både normalbakken og storbakken, høvesvis Fluberg og Meldal Ski-NM 1991: Nr 4 i normalbakken på Rognan Ski-NM 1992: Bronsemedalje i storbakken i Trondheim Ski-NM 1993: Sølvmedalje i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 1994: Sølvmedalje i storbakken på Rena Ski-NM 1995: Sølvmedalje i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1996: Nr 8 i storbakken i Meldal Ski-NM 1997: Nr 12 i normalbakken i Mo i Rana

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Øyvind Berg i olympedia.org

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994 Kategori:Folk frå Aurskog-Høland