Velferdstinget Vest, tidlegare Velferdstinget i Bergen, er det øvste studentorganet i Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen), tidlegare Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Det er ei samanslutning mellom studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som er tilknytte samskipnaden. Til saman sit det 31 representantar i Velferdstinget.Velferdstinget sin samansetnad. Henta 2014-08-30 Velferdstinget i Bergen vart stifta 7. oktober 1997.

Føremål Føremålet er å gje studentane i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde ei felles røyst andsynes Sammen og andre aktørar i studentvelferdssaker.

Velferdstinget avgjer fordelinga av den delen av semesteravgifta som primært går til studentkultur, studentmedia og studentidrett. I tillegg vel Velferdstinget halvparten av styremedlemma i Sammen, inkludert leiar som har dobbeltstemme. Velferdstinget vel òg studentrepresentantar til alle andre råd og utval i Sammen.

Representasjon Dei lokale studentdemokratia tilknytte SiB avgjer sjølve kven som skal representere dei i Velferdstinget. Talet på representantar frå kvart studentdemokrati avgjerast av studenttalet.

Noverande representasjon, sortert etter storleik og mandat: Universitetet i Bergen (10 representanter) Høgskolen på Vestlandet (10 representanter) Norges handelshøyskole (3 representanter) BI Bergen (2 representanter) NLA Høyskolen (2 representant) VID Vitenskapelige Høgskole (1 representant) Bergen Arkitekt Skole (1 representant) Campus Kristiania Bergen (1 representant) Skrivekunstakademiet (1 representant) Alle studentar tilknytte Sammen har møte-, tale- og forslagsrett i Velferdstinget, og kan stille til alle verv som Velferdstinget vel til.

Utøvande organ Velferdstinget sitt arbeidsutval (VT-AU) er Velferdstinget sitt utøvande organ. . Kulturstyret er Velferdstinget sitt utøvande organ i kultursaker. Budsjettkomitéen er Velferdstinget sitt organ for søknadshandsaming og innstiller på fordeling av semesteravgifta kvart år.

Leiarar Velferdstinget har hatt fylgjande leiarar

2017: Mia Milde

2016-2017: Sverre Hartveit

2015-2016: Linnea Reitan Jensen

2014: Tor Sivertsen Prestegard

2013: Anna Gjertsen

2011-2012: Audun Kjørstad

2010: Bjørn-Anders Hind

2009: Katrine Sirnes Hjellum

2008: Erlend Sleire

2007:

2006: Mari Helen Varøy

2005: Erik Sandquist

2004:

2002-2003: Aimar Akholt

2001:

2000: Arild E. Helgøy

1999: Sveinung Fjose

1998: Kjetil Torpp

1997: Ingen leiarkandidat ved konstituerande møte i desember Referansar

Bakgrunnsstoff Heimesida til Velferdstinget i Bergen Heimesida til Studentsamskipnaden i Bergen https://www.sammen.no/no/bergen http://www.vtvest.no/

Kategori:Studentdemokrati Kategori:Studentsamskipnadar Kategori:Utdanning i Bergen