«Bring It On Home» er ein song skriven av Willie Dixon. Den første kjende innspelinga av songen er med Sonny Boy Williamson II i 1963. Songen vart seinare spelt inn av Led Zeppelin i 1969, som førte til søksmål fordi bandet ikkje hadde tilskrive Willie Dixon som låtskrivar på versjonen sin.

Sonny Boy Williamson II-versjonen Sonny Boy Williamson II si utgåve av songen vart spelt inn 11. januar 1963 i Chicago i Illinois. I tillegg til Sonny Boy på vokal og munnspel spelar Johnny «Guitar» Watson på gitar, Milton Rector på bass, Al Duncan på trommer, og anten Lafayette Leake eller Billy Emerson på orgel.

Sonny Boy-versjonen vart først gjeven ut tre år etter innspelinga, tidleg i 1966, på albumet The Real Folk Blues og sidan på singel.

Led Zeppelin-utgåva

I 1969 spelte det engelske rockbandet Led Zeppelin inn ein versjon for albumet Led Zeppelin II. Byrjinga og slutten var medvitne hyllester til Sonny Boy Williamson-songar, medan resten av songen var ein original Jimmy Page/Robert Plant-song,Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Dixon vart derimot ikkje tilskriven for teksten til songen. I 1972 saksøkte Arc Music, eit selskap under Chess Records, Led Zeppelin for brot på opphavsretten.

I eit intervju han gav i 1977 kommenterte Page:

Munnspelet til Plant vart spelt inn i Vancouver. Bandet drog på turne med masterteipane til Led Zeppelin II og stoppa no og då i studio for å spele inn songane.

Led Zeppelin spela ofte songen på konsertane sine, først som ekstranummer på den britiske turneen deira i 1970. Dei synte ofte eit skarpt samspel mellom Jimmy Page på gitar, John Bonham på trommer og John Paul Jones på bass. Dette kan ein sjå på Led Zeppelin DVD, på ei framføring frå Royal Albert Hall i 1970. Ein annan versjon frå 1972 finst på How the West Was Won, der songen er oppført som ein medley med «Bring It On Home» tilskriven Dixon, og den mindre delen kalla «Bring It On Back», tilskriven Bonham/Jones/Page/Plant.

Frå 1973 vart songen droppa frå konsertane til bandet, men den midtre delen vart spela som introduksjon til «Black Dog» på den amerikanske turneen til bandet i 1973, som ein kan sjå i filmen The Song Remains the Same.

Medverkande Robert Plant - vokal, munnspel Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer

Andre versjonar 1967: Bob Dylan og the Band (under Basement-innspelingane) 1969: Bakerloo 1970: Hawkwind (Hawkwind) 1971: Edgar Broughton Band (Edgar Broughton Band) 1990: Dread Zeppelin (Un-Led-Ed) 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin) 1995: Black on Blond (Wild Anticipation) 1999: Robert Lockwood, Jr. (Whole Lotta Blues: Songs of Led Zeppelin) 2006: Stephen Pearcy (Stripped) 2007: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute) 2010: Widespread Panic, UNO Lakefront Arena, New Orleans, LA 10/31/10

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bring It On Home» frå , den 23. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Bakgrunnsstoff «Bring It On Home» på ledzeppelin.com

Kategori:Bluessongar Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Willie Dixon-songar Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:Robert Plant-songar Kategori:Sonny Boy Williamson II-songar Kategori:Led Zeppelin-songar