Beacon Hill er ein ås nær landsbyane Burghclere og Watership Down nord i Hampshire. Åsen er ein av fleire som heiter Beacon Hill i England og det stod ein gong ein varde her. Åsen er 261 meter over havet og eit av dei mest kjende åsforta ligg i åssida. Frå toppen har ein flott utsyn over det mest av Hampshire. Åsen er eigd og styrt av Hampshire County Council og har status som Site of special scientific interest og nasjonalt naturreservat.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beacon Hill, Burghclere, Hampshire» frå , den 24. mars 2011.
Bakgrunnsstoff Hampshire County Council Beacon Hill Luftfoto
Kategori:Åsar i Hampshire Kategori:Nasjonale naturreservat i England Kategori:Naturreservat i Hampshire Kategori:Site of Special Scientific Interest i England