«The Battle of Evermore» er ein folkrocksong av det engelske rockebandet Led Zeppelin på det fjerde albumet deira, som kom ut i 1971. Instrumenta på songen består av akustiske gitarar og mandolin.

Oversyn Melodien vart skriven av gitarist Jimmy Page i Headley Grange då han eksperimenterte med mandolinen til bassist John Paul Jones.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led ZeppelinOmnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview , Modern Guitars, 25. mai 2007 (opphavleg frå juli 1977, i Guitar Player). Som Page forklarte i 1977:

Vokalist Robert Plant hadde nyleg lese om skotske segner og dette inspirerte han til å skrive teksten til songen. Songen, som fleire andre av bandet, inneheld referansar til Ringenes herre av J.R.R. Tolkien. Plant følte han trengde ei anna stemme for å fortelje historia og for innspelinga vart visesongaren Sandy Denny invitert til å synge ein duett med Plant. Denny hadde tidlegare sunge i den britiske folkrockgruppa Fairport Convention, som Led Zeppelin hadde halde konsertar i lag med i 1970 på Bath Festival of Blues and Progressive Music. Plant spelte rolla som forteljar og Denny representerte utroparen. Page forklarte:

Som takk fekk Denny eit eige symbol på plateomslaget med tre pyramidar (dei fire medlemmane i Led Zeppelin hadde kvart sitt symbol på albumet). Dette er den einaste Led Zeppelin-songen med gjestevokal. I eit intervju i 1995 sa Plant:

«The Battle of Evermore» vart framført på Led Zeppelin-konsertane i 1977. På desse framføringane song Jones vokalen til Denny med Plant og spelte akustiske gitar ,medan Page spela mandolin. Stundom song trommeslagar John Bonham vokalen til Denny i staden for Jones. Page and Plant spela òg inn ein versjon av songen i 1994 for albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Songaren Najma Akhtar song då Sandy Denny sin del.

Fairport Convention framførte «The Battle of Evermore» med Robert Plant og Kristina Donahue på Fairport's Cropredy Convention den 9. august 2008. Robert Plant og Alison Krauss spela ofte «The Battle Of Evermore» på turneen sin i USA og Europa våren og sommaren 2008.mini|Alison Krauss og Robert Plant syng «The Battle of Evermore» i Denver i juni 2008

Lovord Publikasjon Land Lovord ÅrRangering Blender USA The 1001 Greatest Songs to Download Right Now! 2003 * Q Storbritannia 150 Greatest Rock Lists Ever 2004 4 (10) Q Storbritannia 1010 Songs You Must Own! 2004 *

(*) usortert liste.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - mandolin John Paul Jones - akustisk gitar John Bonham - perkusjon Sandy Denny - vokal

Andre versjonar

1992: The Lovemongers (Battle of Evermore EP) 1994: Page and Plant (No Quarter: Jimmy Page & Robert Plant Unledded) 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin) 1996: Ann Wilson & Nancy Wilson (Women: Live from Mountain Stage) 1997: Jaz Coleman and the London Philharmonic Orchestra (Kashmir: Symphonic Led Zeppelin) 1998: Kyle and Vee (Before the Balloon Went Up) 2000: Kenny Blackwell (Pickin' on Zeppelin: A Tribute) 2001: Out of Phase (A Tribute to Led Zeppelin IV) 2002: Terra Gold & Leslie King (Livin, Lovin, Played: A Tribute to Led Zeppelin) 2003: Heart (Alive in Seattle) 2003: Stonecircle (In Concert)

2004: Hampton String Quartet (HSQ Rides Again) 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin) 2005: The Fellowship (In Elven Lands) [NOT Jon Anderson!] 2005: The Barbary Coast Guitar Duo (Suites for 2 Guitars) 2005: Steve Bingham (Get the Led Out! Led Zeppelin Salute) 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin) 2006: Dawn Humphrey (Enjoy the Dance) 2006: Kiva (Out of the Corner of the Eye) 2007: Smooth Citizen (Shadows of the Fading Light) 2007: The Boys from County Nashville (Long Ago and Far Away: The Celtic Tribute to Led Zeppelin) 2008: Jay and Abby Michaels (For a Moment: The Harper and the Minstrel) 2008: Tom Kofler & Darryl St John (Visiting Zeppelin)

Konsertversjonar 2007-2008: Deborah Bonham 2008: Robert Plant & Alison Krauss

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Battle of Evermore» frå , den 25. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Britiske folkeviser Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Sandy Denny-songar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant