«D'yer Mak'er» (vert på britisk uttalt på same måte som «Jamaica», ) er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Houses of the Holy i 1973.
Oversyn Songen var meint å imitere reggae frå Jamaica som dukka opp tidleg i 1970-åra. Songen kom til under ei øving i Stargroves i 1972, då trommeslagar John Bonham starta å slå ein rytme som minna om doo-wop frå 1950-åra, og så endra litt på tempoet, slik at ein fekk ein reggae-liknande rytme.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Den særeigne trommelyden vart skapt ved at tre mikrofonar vart plasserte i god avstand frå trommene til Bonham.
«D'yer Mak'er» er ein av få Led Zeppelin-songar der alle dei fire medlemmane er tilskrivne som låtskrivarar. På plateomslaget er òg Rosie and the Originals tilskriven, ein referanse til doo-wop-påverknaden i songen.
Denne songen, i lag med «The Crunge», vart først ikkje teken seriøst av mange lyttarar, og somme kritikarar gav desse to songane hard kritikk. I eit intervju i 1977 refererte Page til den negative responsen:
Led Zeppelin-bassist John Paul Jones har uttrykt at han mislikar songen og indikerte at det starta som ein spøk og vart ikkje tenkt nøye nok gjennom. «D'yer Mak'er» har med tida fått respekt hos kritikarane og har etter kvart vokse til ein Led Zeppelin-klassikar. Då albumet kom ut ønskte Robert Plant å gje ut songen som singel i Storbritannia. Atlantic Records gjekk så langt som å sende promo-utgåver til DJar. Songen vart gjeven ut i USA, der han nådde 20. plass i desember 1973, men aldri i Storbritannia.
Songen vart aldri framført i sin heilskap på konsertane til Led Zeppelin, men ein kunne høyre bitar av han under «Whole Lotta Love» på den nordamerikanske turneen i 1975, og under «Communication Breakdown» i Earl's Court same året.
Uttalen av tittelen Namnet på songen kjem frå ein gammal engelsk vits, som ikkje gjev mykje meining på norsk: «My wife's gone to the West Indies.» (kona mi har dratt til Vestindia) «Jamaica?» (som har liknande uttale som «D'you make her?», som tyder «tvinga du ho?») «No, she went of her own accord» (nei, ho reiste frivillig). Under eit intervju i 2005 snakka vokalist Robert Plant om songen og sa at han syns det var morosamt når folk uttalte tittelen som «Dire Maker».
Lovord PublikasjonLandLovordÅrRangering Radio Caroline Storbritannia Top 500 Tracks 1999 453
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, piano John Bonham - trommer
Andre versjonar
«D'yer Mak'er» er spela inn av fleire andre artistar og omsett til fleire språk, mellom anna portugisisk. Han vart mellom anna spela av Eek-A-Mouse, Sheryl Crow, Bon Jovi og Stefani Germanotta (som seinare vart Lady Gaga).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «D'yer Mak'er» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Reggae rock-songar Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av John Bonham Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar produserte av Jimmy Page