Coda er det niande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut i 1982. Denne samlinga av unytta studioopptak frå forskjellige innspelingar gjennom den 12 år lange karrieren til Led Zeppelin vart gjeven ut to år etter gruppa offisielt hadde gitt seg etter at trommeslagar John Bonham døydde. Ordet coda tyder avslutninga av eit musikkstykke og vart derfor vald som tittel.

Oversyn Led Zeppelin-gitarist og produsent Jimmy Page forklarte at årsaka til at albumet vart gjeve ut delvis var alle piratkopialbuma som var populære hos tilhengjarane:

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones minnest:

I følgje Led Zeppelin-biografien Hammer of the Gods, skulda òg bandet Atlantic Records eit album til med avtalen på fem album som skapte Swan Song Records i 1974. Slik sett kunne dei oppfylle kontrakten med Coda.

«We're Gonna Groove» opnar albumet, og i følgje plateomslaget vart han spelt inn i Morgan Studios i juni 1969. Det vart seinare kjend at han kom frå eit konsertopptak frå januar 1970 i Royal Albert Hall, med nytt gitarspor og den originale gitaren fjerna.

«Poor Tom» er frå innspelinga av Led Zeppelin III og vart innspelt i Olympic Studios i juni 1970.

«I Can't Quit You Baby» er henta frå same konsert som «We're Gonna Groove», men vart oppført som ei øving i det originale plateomslaget. Innspelinga vart redigert ned for å fjerne «konsert-kjensla».

Innhald

Medverkande Led Zeppelin John Bonham – trommer, perkusjon John Paul Jones – bassgitar, piano, klaverinstrument Jimmy Page – akustisk og elektrisk gitar, Robert Plant – solovokal, munnspel

Albumlister Liste (1982)Topplassering Den norske VG-lista18 Den britiske albumlista4 Den japanske albumlista16 US Cash Box Top 1006 Kanadiske RPM Top 1003 New Zealand Top 507 Den tyske albumlista43 Den franske albumlista18 US Billboard The 2006 Australske Kent Music Report9

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Coda (album)» frå , den 27. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Jimmy Page Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Led Zeppelin-album Kategori:Swan Song Records-album Kategori:Album spelte inn i Polar Studios