Jimmy Page og Robert Plant, begge tidlegare frå det engelske rockebandet Led Zeppelin, samarbeidde i lag på siste halvdel av 90-åra som Page and Plant. Duoen kom saman i 1994 og etter ein særs suksessrikt album la dei ut på ein verdsturne. Det andre albumet deira vart òg etterfølgd av ein ny verdsturne, før dei gav seg i 1998. Dei kom saman att ein kort periode i 2001.
Dei første planane om ei gjenforeining vart gjort i 1993 då dei diskuterte høvet for å spele for serien MTV Unplugged. Dei spelte inn konserten i London med musikarar frå Marokko og Egypt. Dei spelte fleire Led Zeppelin-songar, ofte i nytt arrangement, og fire nye songar. Konserten vart send 12. oktober og vart ein så stor suksess at dei valde å legge ut på ein turne i lag, som starta i februar 1995. Den første konserten resulterte i albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded og kom ut i november 1994.
Med seg på turneen hadde dei Charlie Jones på bass og perkusjon, Michael Lee på trommer, Porl Thompson på gitar og banjo, Najma Akhtar på korvokal, Jim Sutherland på mandolin og bodhrán, Nigel Eaton på lirekasse, og Ed Shearmur på Hammondorgel med orkesterarrangement. Page:
Etter turneen gjekk dei to artistane i studio og spelte inn Walking into Clarksdale, eit album med berre nye songar. Det selde ikkje like godt som Unledded og etter ein turne vart Page/Plant oppløyst.
I juli 2001 spelte dei igjen i lag på Montreux Jazz Festival.
Diskografi Album År Namn1994No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded1997The Inner Flame: Rainer Ptacek Tribute (samling)1998Walking into Clarksdale
Videoar År Namn2004No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded
Sjå òg Coverdale & Page
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Page and Plant» frå , den 28. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper frå 1990-talet Kategori:Led Zeppelin Kategori:Jimmy Page Kategori:Grammy-vinnarar