The Honeydrippers var eit rockeband i 1980-åra. Tidlegare Led Zeppelin-vokalist Robert Plant danna gruppa i 1981 for såele R&B-musikk. Det oppstod i Worcestershire, og bandet reiste til USA for å spele inn ein EP. I tillegg til Plant spelte tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, Jeff Beck (tidlegare Yardbirds-medlem som Page) og andre vener og kjende musikarar. Dei heldt ein konsert i Keele University i 1981. Dei gav berre ut ein einaste EP, The Honeydrippers: Volume One i november 1984.

The Honeydrippers nådde 3. plassen på Billboard Hot 100 med ein versjon av Phil Phillips-songen «Sea of Love». Med suksessen EPen gav dei, sa Plant at det ville kome eit fullt album, men det vart aldri noko av. Bandet spelte på Saturday Night Live den 15. desember 1984, der dei spelte «Rockin' at Midnight» og «Santa Claus is Back in Town.». Med seg hadde dei då Brian Setzer på gitar og Paul Shaffer på piano.

Den 23. desember 2006 spelte Robert Plant på eit støtteshow i Kidderminster Town Hall som The Return of the Honeydrippers for å få inn pengar for naboen Jackie Jennings, som fekk behandling for hjernesvulst.

Etter at Plant i 2006 spelte på Montreux Jazz Festival til ære for Ahmet Ertegün, vart det diskutert eit nytt Honeydrippers-album for 2007, men då Ertegün døydde har Plant sagt at dette er lite truleg.

Medlemmar Original besetning (1981) Robert Plant - vokal Andy Silvester - gitar Kevin O'Neill - trommer Ricky Cool - munnspel Jim Hickman - bass Keith Evans - saksofon Wayne Terry - bass Robbie Blunt - gitar

Honeydrippers Vol. One (1984) Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar Jeff Beck - gitarar Paul Shaffer - klaver Nile Rodgers - gitar, medprodusent Wayne Pedziwiatr - bass Dave Weckl - trommer Brian Setzer - gitar (gjest) Keith (Bev) Smith - trommerhttp://www.recordcollectormag.com/reviews/review-detail/1323

Diskografi The Honeydrippers: Volume One (1984), US #4 UK #56

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Honeydrippers» frå , den 30. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske rockegrupper Kategori:Jimmy Page Kategori:Musikkgrupper skipa i 1981