Dandy in the Underworld er det trettande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet T. Rex. Det kom ut 11. mars 1977 på EMI. Albumet nådde 26. plassen på albumlista i Storbritannia, som var den høgaste plasseringa deira der sidan Zinc Alloy i 1974. Den første singelen, «I Love to Boogie», hadde vore ein hit i Storbritannia året før og nådde 13. plassen på singellista.

Dandy in the Underworld vart av kritikarane rekna som eit comeback for bandet. Det vart rost for den sterke låtskrivinga og synginga til Bolan. Men det skulle vise seg å bli det siste albumet deira, då Marc Bolan omkom i ei bilulukke i september 1977, 29 år gammal. I 2006 vart eit album med alternative versjonar og tidlegare ikkje-utgjevne spor kalla Final Cuts gjeven ut.

Bakgrunn og innspeling Då albumet kom ut var Marc Bolan og T. Rex på ein britisk turné, med The Damned som oppvarmingsband.

Innspelingane for albumet hadde byrja i mai 1976 i Decibel Studios London, med innspelinga av «I Love To Boogie», i lag med Steve Currie (bass), Davey Lutton (trommer) og Dino Dines (piano). Seinare innspelingar fann stad i MRI Studios i Los Angeles, og heldt fram i Decibel Studios, AIR Studios og Trident Studios i London.

Sporet «Visions of Domino» var ei nyinnspeling av ein tidlegare ikkje-utgjeven song, «Funky London Childhood», med ein heilt omskriven tekst.

Musikk Biografiforfattaren Mark Paytress skreiv at «plastikk-soul»-stilen frå dei tidlegare albuma deira var borte. Bolan hadde gått attende til den tidlegare rockestilen sin og produksjonsstilen hans var meir direkte..Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.

Utgjeving Dandy in the Underworld kom ut 11. mars 1977 og vart lansert på den leiande punkrock-spelestaden i London, The Roxy.

Tittelsporet kom ut på singel i ein nymiksa og nyinnspelt versjon der tekstlinja «Exalted companion of cocaine nights» vart endra til «T. Rex nights». «Crimson Moon» vart òg gjeven ut på singel same året, i tillegg til songen «Celebrate Summer», som ikkje var med på albumet, i august.

Dandy in the Underworld vart ommastra for CD av Edsel Records i 1994 og kom ut med fleire bonusspor. Ei tilhøyrande plate, kalla Prince of Players (The Alternate Dandy in the Underworld), kom i 1998 med alternative versjonar og uferdige studiomiksar. Desse to platene kom ut i lag i 2002.

Eit album med tidlegare ikkje-utgjevne spor og alternative versjonar av songane frå innspelinga som produserte album kom ut i 2006 som «Final Cuts». Dei fleste av desse spora vart spelte inn i AIR Studios Oxford Street, i tillegg til fire spor frå Decibel Studios i Stamford Hill i april 1977 etter utgjevinga av Dandy in the Underworld . Sju av dei tolv songane på «Final Cuts» var ikkje gjevne ut medan Bolan levde. Det inneheld ein alternativ versjon av den siste T.Rex-singelen 'Celebrate Summer', i tillegg til 'Mellow Love', 'Write Me A Song', 'Hot George', 'Shy Boy', 'Foxy Boy', 'Love Drunk' og '20th Century Baby'.

Mottaking

Dandy in the Underworld fekk stort sett positiv kritikk då det kom ut, og betre kritikk enn noko anna T. Rex-album dei siste fem åra. NME, som tidlegare hadde vore blant dei mest negative, skreiv at albumet var «særs lyttbart, godt arrangert og ulasteleg framført.»

I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet var «fullpakka med solid og kraftful pop». Meldaren skreiv om «revitalisert energi» og hevda det var «den beste plata» Bolan hadde gjeve ut på fleire år. Pitchfork likte albumet og sa at det «finn ein gjenoppliva Bolan som skapar somme av dei beste musikalske knaggane sine og dei mest fengande songane sine på fleire år». Skribenten Stephen M. Deusner sa at songane var godt balanserte: «Den kosmiske 'Crimson Moon', den uimotståelege 'I'm a Fool for You Girl og meisterverket på albumet, 'Jason B. Sad', vekslar mellom urolaus og forsiktig, og skapar ei tyngde som er ei motvekt til den livlege, nedstrippa rytmen.»

Tittelsporet vart mykje nytta i BBC-serien The Pursuit of Love, i episode ein av den første sesongen, som vart sendt i 2021.

Innhald

Medverkande

Marc Bolan – vokal, gitar, bassgitar, perkusjon, maracas, tamburin Steve Harley – korvokal Alfalpha – korvokal Nick Laird-Clowes – korvokal Andy Harley – korvokal Sam Harley – korvokal Gloria Jones – korvokal Colin Jacas – korvokal Dino Dines – klaverinstrument Tony Newman – trommer Herbie Flowers – bassgitar Scott Edwards – bassgitar Paul Humphrey – trommer Miller Anderson – gitar Steve Currie – bassgitar Davy Lutton – trommer Bernie Casey - korvokal på spor 9 Chris Mercer – saksofon Bud Beadle – saksofon, fløyte J.B. Long – fiolin

Jennifer Maidman - lydteknikar Decibel studio Mike Stavrou - lydteknikar AIR Studios Jon Walls - lydteknikar AIR Studios Mick O'Halloran - Turnemanager Cliff Wright - gitarteknikar Produsert av Marc Bolan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dandy in the Underworld» frå , den 16. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:T. Rex-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios