Roxy Music er eit engelsk kunstrockband starta i november 1970 av Bryan Ferry, som vart solovokalist og den viktigaste låtskrivaren i bandet, og bassist Graham Simpson. Dei andre medlemmane er Phil Manzanera (gitar), Andy Mackay (saksofon og obo) og Paul Thompson (trommer and perkusjon). Av tidlegare medlemmar finn ein Brian Eno (synthesizer og «handsamingar») og Eddie Jobson (synthesizer og fiolin). Bandet vart oppløyst i 1983, men kom saman att for ein konsertturne i 2001, og har turnert no og då sidan.

Roxy Music vart populære og fekk god kritikk i Storbritannia, Europa og Australia i 1970- og tidleg i 1980-åra. Det starta med debutalbumet Roxy Music (1972). Bandet hadde stor innverknad og var eit av dei førande banda innan den meir eksperimentelle, og musikalsk sofistikerte delen av glam, og hadde i tillegg stor innverknad på tidleg engelsk punkmusikk. Dei var òg modell for mange New Wave-artistar og eksperimentelle elektro-grupper tidleg i 1980-åra. Gruppa skil seg ut som eit visuelt og musikalsk sofistikert band og at dei var opptekne av stil og glamour.[ "((( Roxy Music > Biography )))"]. Stephen Thomas Erlewine. Allmusic. Henta 31. mars 2011. Ferry og Eno har òg hatt suksessrike solokarrierar, og sistnemnde har vorte ein av dei viktigaste plateprodusentane og samarbeidspartnarane på slutten av 1900-talet.

Rolling Stone rangerte Roxy Music på 98. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.

Historie Starten (1970–1971) I november 1970 hadde Bryan Ferry nettopp mista jobben sin som keramikklærar ved ein jenteskule for at han spelte musikk for dei i staden for å lære dei keramikk, og søkte etter ein klaverspelar til å samarbeide med han og Graham Simpson, ein bassist han kjende frå kunstskulebandet hans i Newcastle, The Gas Board, og som han samarbeidde med på dei første songane sine. Tidleg i 1970 hadde Ferry prøvespelt som vokalist for King Crimson, som søkte etter erstatning for Greg Lake. Sjølv om Robert Fripp og Pete Sinfield meinte at stemma til Ferry ikkje høvde seg for songane til King Crimson, var dei imponert over talentet hans og hjelpte til med å få det unge Roxy Music ein kontrakt med E.G. Records.

Andy Mackay svarte på annonsa til Ferry, men var ikkje klaverspelar, men spelte saksofon og obo. Han hadde derimot ein VCS3-synthesizer. Mackay hadde alt møtt Brian Eno på universitetet, sidan begge var interesserte i avantgarde og elektronisk musikk. Sjølv om Eno ikkje var musikar, kunne han operere ein synthesizer og eigde ein Revox-opptakar, så Mackay overbeviste han om å bli med i bandet som teknisk rådgjevar. Etter kvart vart Eno medlem av gruppa. Då Dexter Lloyd, ein klassisk trent paukespelar, forlet bandet, vart det sett inn ei ny annonse i Melody Maker etter ein «vidundertrommis ønska for avant-rock-band». Paul Thompson svarte og vart med i bandet i juni 1971. Namnet kom delvis som ei hyllest til gamle kinoar og danselokale, og delvis som eit ordspel på ordet rock. Ferry kalla opphavleg bandet berre Roxy, men då han fekk vite at det var eit amerikansk band med same namn, endra han dette til Roxy Music.

I oktober 1971 annonserte Roxy i Melody Maker igjen etter ein «perfekt gitarist» og Phil Manzanera var ein av om lag 20 gitaristar som kom på prøvespeling. Manzanera var son av ein engelskmann, men hadde mor frå Colombia, og hadde vore mykje i Sør-Amerika og Cuba som born, og sjølv om han ikkje hadde den same kunstskulebakgrunnen som Ferry, Mackay og Eno, var han kanskje det dyktigaste medlemmet i bandet, med ei brei interesse for musikk. Manzanera kjende òg andre kjende musikarar, som David Gilmour frå Pink Floyd, som var ven med storebroren hans, og Robert Wyatt frå Soft Machine. Men Manazanera kom i starten ikkje inn i bandet som gitarist. Søkaren som vart tilsett var David O'List, tidlegare gitarist i The Nice. Gruppa var likevel imponert nok over Manzanera til at han vart invitert med Roxy Music som scenearbeidar, noko han aksepterte.

Bandet fekk god omtale av journalist i Melody Maker, Richard Williams og radiovert John Peel. Williams vart ein entusiastisk tilhengjar etter å ha møtt Ferry og fått ein demo av han midtvegs i 1971. Han skreiv den første store artikkelen om bandet, som kom ut 7. august 1971. Denne besetninga (Ferry/Mackay/Eno/Simpson/Thompson/O'List) spelte inn ei innspeling for BBC kort tid etter.

Dei første to albuma (1972–1973) Tidleg i februar 1972 slutta brått O'List i gruppa etter ein krangel med Paul Thompson som fann stad under prøvespelinga deira for David Enthoven frå EG Management. Då O'List ikkje møtte opp på den neste øvinga, vart Manzanera beden med påskot om verte lydteknikaren til bandet. Då han kom vart han invitert til å spele gitar og skjønte raskt at det var ei uformell prøvespeling. Ukjend for resten av gruppa, hadde Manzanera lært seg heile repertoaret deira og som følgje av dette vart han umiddelbart teken inn som permanent erstattar for O'List, den 14. februar 1972. To veker etter fekk Roxy Music kontrakt med EG Management.Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.376–77

Med dette laget finansierte EG Management innspelinga av det første albumet deira, Roxy Music, innspelt i mars-april 1972 og produsert av tekstforfattaren til King Crimson, Peter Sinfield. Både albumet og det kjende omslaget var visstnok ferdig før gruppa signerte kontrakt med Island Records. A&R Tim Clark minnest at sjølv om han argumenterte kraftig for at Island burde signere dei, så verka sjefen i selskapet Chris Blackwell først lite imponert og Clark rekna med at han ikkje var interessert. Eit par dagar seinare stod Clark og Enthoven i ein gang i kontorlokalet til Island og såg på plateomslaget for albumet, då Blackwell gjekk forbi, såg på omslaget og sa «Ser bra ut! Har vi signert dei enno?»Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.385–86 Bandet fekk ein avtale med Island Records eit par dagar seinare. Albumet kom ut i juni til god kritikk og vart ein stor suksess. Det nådde 10. plass på den britiske albumlista i september 1972.

Siste halvdel av 1971 vart bassist Graham Simpson stadig meir tilbaketrekt og vanskeleg å kommunisere med, noko som førte til at han forlet bandet like etter innspelinga av debutalbumet. Han vart erstatta av Rik Kenton.Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.376

For å få meir merksemd omkring albumet, valde Roxy music å spele inn og gje ut ein singel. Debutsingelen deira var «Virginia Plain», som nådde 4. plass på den britiske singellista. Den visuelle stilen til bandet vart fanga på den første framføringa deira på Top of the Pops på BBC, og vart ein hjørnestein i glam-bølgja i Storbritannia. Framføringa av «Virginia Plain» på BBC vart seinare parodiert av den britiske komiserien Big Train. Singelen førte til fornya interesse i albumet. Kort tid etter «Virginia Plain», forlet Rik Kenton bandet, og dei skulle aldri ha ein fast bassist igjen. John Porter, John Gustafson, John Wetton, Gary Tibbs og Alan Spenner har alle fylt denne rolla.

Det neste albumet, For Your Pleasure, kom ut i mars 1973. Det markerte byrjinga på eit langt og suksessfullt samarbeid med produsenten Chris Thomas, som arbeidde på alle dei klassiske albuma og singlane deira i 1970-åra. Albumet vart marknadsført med ein singel som ikkje var på albumet, «Pyjamarama», men ingen av songane på albumet vart gjeven ut som singel. Ferry var kjæraste med den franske modellen Amanda Lear, som vart avbileta med ein svart jaguar på omslaget til plata. (Ferry er på baksida av omslaget som ein sirleg sjåfør føre ein limousin). For dette albumet spelte John Porter bass, medan Sal Maida spelte bass på dei påfølgjande konsertane.Stump, Paul - Unknown Pleasures: A Cultural biography of Roxy Music, Thunder's Mouth Press, New York, 1998, s. 72

Stranded, Country Life, Siren og soloprosjekt (1973–1977) Kort tid etter innspelinga av For Your Pleasure, forlet Brian Eno Roxy Music midt under stadig vanskelegare diskusjonar med Ferry om styringa av gruppa.Phonograph Record: Eno Music: The Roxy Rebellion Dei andre medlemmane i bandet skal visstnok ha delt noko av den same uroa som Eno over den store dominansen til Ferry, men dei valde å bli verande. I tillegg vart Johnny Gustafson den permanente bassisten til bandet på dei neste tre albuma, men ikkje alltid på konsertane deira, sjølv om han turnerte med bandet på enkelte konsertar i 1973 og 1975. Andre bassistar Roxy Music nytta i denne perioden (1973–1976) er mellom andre Sal Madia, John Wetton og Rick Wills.Stump, Paul - Unknown Pleasures: A Cultural biography of Roxy Music, Thunder's Mouth Press, New York, 1998, s. 72, 154

Eno vart samstundes erstatta av den 19 år gamle multi-instrumentalisten Eddie Jobson, tidlegare i progrockbandet Curved Air, som spelte klaverinstrument og elektrisk fiolin. Sjølv om enkelte tilhengjarar sakna den eksperimentelle haldninga og noko av den spesielle estetikken Eno hadde ført til bandet, var den klassisk trente Jobson ein dyktig musikar. Han gav gruppa ny styrke og Ferry slapp no å spele klaverinstrument på scenen. Den blendande elektriske fiolin-spelinga hans gav òg lydbiletet til bandet ein ny dimensjon, som ein kan høyre på songen «Out of the Blue». Eno anerkjende sjølv kvaliteten til dei to albuma som kom ut etter han forlet bandet, Stranded (1973) og Country Life (1974), og dei vert rekna blant dei mest originale og konsistente britiske rockealbuma i denne perioden. Rolling Stone kalla dei to albuma «høgdepunktet i samtidig britisk kunstrock».

Songane på desse albuma sementerte òg ryktet til Ferry som ein stilfull og sofistikert mann. Sjølv om denne personen utan tvil starta som ei medviten ironisk sak, såg det i denne tida ut til at Ferry tok stilen med seg i det verkelege livet sitt. Arbeidarklassesonen frå Nord-England vart ei internasjonal rockestjerne og eit ikon på mannen som hadde kjærleiksaffærar med mange vakre kvinner, blant dei Playboy-playmate Marilyn Cole (som er på omslaget av Stranded) og modellane Amanda Lear (som seinare var kjæraste med David Bowie) og Jerry Hall (som seinare vart sambuar med Mick Jagger).

På dei to første Roxy-albuma var alle songane skrivne av Bryan Ferry. Frå Stranded og frametter, vart Mackay og Manzanera òg tilskriven som låtskrivarar på nokre songar. Gradvis vart låtskrivinga og musikkstilen deira ein del av lydbiletet til bandet, sjølv om Ferry framleis var den dominerande låtskrivaren. Alle singlane til Roxy, utan om ein, var anten heilt eller delvis skriven av Ferry. Dei andre skreiv derimot nokre B-sider. Stranded kom ut i november 1973 og gav dei singelen «Street Life», som nådde Topp 10.

Det fjerde albumet, Country Life, kom ut i 1974 og var det første albumet til Roxy Music som gjekk inn på Topp 40 i USA, ein 37. plass. Country Life fekk god kritikk og Rolling Stone kalla det som om Ferry dreiv «ein kabaret for mentalt forstyrra, med songarinner i sjokkstilstand». Det femte albumet, Siren, inneheldt den einaste hitten deira i USA, «Love Is the Drug». Ferry sa at songen kom til han medan han sparka lauv under ein gåtur i Hyde Park. På denne tida hadde Ferry eit forhold til supermodellen Jerry Hall. Ferry sin song til Hall, «Prairie Rose», inspirerte direkte Talking Heads-songen «The Big Country» og vart seinare spelt av den skotske rockegruppa Big Country som B-sida til singelen deira «East of Eden» i 1984. Hall er òg på omslaget til Siren og i videoen til solosukssen til Ferry, Wilbert Harrison sin «Let's Stick Together».

Etter turneen etter Siren i 1976 vart Roxy Music oppløyst. Konsertalbumet Viva! kom ut i august 1976. På denne tida gav Ferry ut to soloalbumet, der Manzanera og Thompson spelte, og Manzanera kom saman med Eno for det kritikarroste albumet 801 Live.

Dei siste albuma og slutten (1978–1983)