Buachaille Etive Mòr (skotsk-gælisk Buachaille Eite Mòr, som tyder «den store gjetaren frå Etive»), generelt berre kalla The Buachaille eller The Beucklehttp://www.barnetts.org.uk/walking/buachaile/buachaille.htm, er eit fjell øvst i Glen Etive i Dei skotske høglanda i Skottland. Det har nesten ei perfekt pyramideform sett frå hovudvegen A82, og er eit av dei lettast gjenkjennelege fjella i Skottland, ofte vist på postkort og kalendrar.

Buachaille Etive Mòr består av ein nesten 8 km lang rygg og er nesten omkrinsa av River Etive og sideelvane hennar. Ryggen består av fire toppar: Stob Dearg (1022 m), Stob na Doire (1011 m), Stob Coire Altruim (941 m) og Stob na Bròige (956 m). Stob Dearg og Stob na Bròige er begge Munroar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Buachaille Etive Mòr» frå , den 3. april 2011. oppgav desse kjeldene: Chris Crocker, Database of British Hills (2005)

Kategori:Fjell og åsar i Highland