Hans Iversen Storeng () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kvikne i Hedmark.
Storeng var son til ein gardbrukar. Han gjekk to vintrar på Sagatun Folkehøyskole, der han seinare var lærar. Frå 1876 var han gardbrukar på farsgarden. I 1880 skøytte han garden over på ein bror og kjøpte garden Brattbust i Kvikne, der han budde sidan. Han var ordførar i Kvikne frå 1877, forlikskommissær var han frå 1875.
Storeng representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1889-1894. Han var medlem av budsjettkomiteen i begge valperiodane. 1892-94 var han også medlem av Lagtinget. Grunna sjukdom vart han permittert 27. februar 1894. Ei veke seinare døydde han, framleis i Kristiania.
Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Folk frå Tynset