Samuel Georg Simeon Wennberg () var ein norsk handelsmann, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Trondheim.

Wennberg var son til ein lærar, og var sjølv elev ved Trondhjems latinskole. Tida 1860-79 var han handelsmann i Lyngen, deretter lensmann i Balsfjord frå 1879. Både i Lyngen og i Balsfjord var han gardbrukar òg. Han var ordførar i Lyngen i 16 år, seinare var han forlikskommissær i Balsfjord.

Wennberg representerte Tromsø amt på Stortinget frå 1877 til -85. Han var 1877-78 medlem av næringskomite nr 2, 1879 av næringskomite nr 1, 1880-82 av tollkomiteen, 1882 av traktatkomiteen, 1883-85 av valkomiteen. Denne siste stortingsperioden, 1883-85, var han også sekretær i tollkomiteen. Han var medlem av Lagtinget frå 1880 til 1885. I 1883-84 var han medlem av riksretten som dømde i saka mot Selmer-ministeriet. Han slutta seg til Stortingets Venstreforening då denne vart skipa i 1883.

Wennberg døydde i Balsfjord i 1908.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Lyngen Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet