Kristian Peder Moursund () var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Tromsøysund. Han representerte Venstre.

Moursund var son til ein proprietær. Sjølv vart han student frå Tromsø skole i 1870 og cand. jur. tre år seinare. 1876-77 var han sorenskrivarfullmektig i Hardanger, frå 1878 sakførar i Tromsø. I 1891 vart han sorenskrivar i Lofoten, døydde året etter. Moursund var medlem av Tromsø bystyre frå 1882 til han i 1885 flytta ut or byen. Frå 1886 var han kasserar i Hypotekbanken sitt lånekontor i Tromsø. Formann i prestelønningskommisjonen frå 1891.

Moursund representerte Tromsø amt på Stortinget frå 1886 til 1892. Han var 1886-88 medlem av justiskomite nr 2, 1888 av næringskomite nr 1, 1889-91 av konstitusjonskomiteen og 1892 av valkomiteen. Elles var han 1889-92 medlem av Lagtinget, 1892 formann i konstitusjonskomiteen og sekretær i fullmaktskomiteen.

Han døydde i Kristiania i 1892.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Folk frå Tromsø