Gunnar Greve Pettersen, og kjend som Gest () er ein norsk hiphop-artist og rappar. I 2011 var han dommar i fjernsynsprogrammet Idol på TV2.Dette er årets «Idol»-jury
Han rappa i bandet Spetakkel frå 1999 til 2005, saman med «TomTom», «Piddi» og «Trost», og med «DJ Leven» som snurra plater. Gest og Piddi hadde i 1996 også danna gruppa Lynx Connection (seinare Verbally Vicious).
Dei siste åra har han jobba som soloartist. I 2006 var han ein av artistane på Dans til musikken, eitt samlealbum som blei gitt ut for å heidre Lasse Myrvold sitt bidrag til norsk musikkhistorie, og i 2007 gav han ut debutalbumet sitt, I Grevens Tid.
Februar 2009 hadde han konsert på VilVite-senteret i Bergen, i samanheng med maritim yrkesmesse. 22. juni 2010 song han på opninga av Bybanen i Bergen på Nesttun.
Han har også vore sjef i Nordnæs Bataillon.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunnar Greve Pettersen» frå , den 8. april 2011.
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske rapparar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske Idol-dommarar