Peder Strand Rygh () var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Overhalla. Oluf, Karl og Evald Rygh var sønene hans.
Rygh var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1826. Han arbeidde på futekontoret i Inderøy, der han etter kvart var fullmektig og så fungerande sorenskrivar. Frå 1832 var han lensmann i Verdal. Fire fyrste lensmannsåra budde han på Stiklestad, seinare på garden Haug som han kjøpte.
Rygh representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget periodane 1839-45, 1854-58 og 1862-66. Både i 1851 og 1859-60 vart han vald til representant, men nekta å take mot val. I alle åra som stortingsmann var han medlem av Lagtinget, visesekretær 1839-45. Elles medlem av justiskomitear 1839-45, 1862-63 og 1865-66, av komiteen om lensmannslova 1845, og han var sekretær i vegkomiteen 1854-57. I tillegg var han medlem av nokre komitear kring enkeltsaker.
Rygh døydde på garden sin i Verdal i 1868.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Overhalla Kategori:Folk frå Verdal