Le Grand Macabre (1974-77, revidert 1996) er ein opera skriven av György Ligeti. Operaen har to akter, med ein libretto av komponisten sjølv og Michael Meschke, basert på skodespelet La Balade du grand macabre skrive av Michel De Ghelderode i 1934. Originalspråket i librettoen var tysk, men operaen er skriven slik at det er uproblematisk å framføra han på andre språk, noko som har blitt gjort på mellom anna engelsk, svensk, fransk og italiensk. Ligeti meinte det var høgst nødvendig at operaen skulle framførast på morsmålet i framføringslandet, slik at tilskodaren lettast mogleg skulle kunna følgja teksten.

Etter at Ligeti overvar ei framføring av Mauricio Kagels antiopera Staatstheater, kom han til den konklusjonen at det ikkje lengre var mogleg å skriva antioperaer. Han bestemte seg derfor for å skriva ein "anti-anti-opera", ein opera som på ironisk vis tar føre seg både dei operatiske og dei antioperatiske tradisjonane. Verket utviklar seg, frå den korte overtyren med tolv bilhorn, til den avsluttande passacagliaen i klassisk stil, som ein kollasj av ulike lydmateriale. Ligeti gjer bruk av alt frå urbane bylydar (mellom anna frå den sterkt utvida perkusjonsdelen av orkesteret), til forvridde, små kutt frå Beethoven, Rossini og Verdi, og pakkar det heile inn i ein lett humoristisk setting, spekka med ironi og motsetnadar.

Hovudemnet i operaen er døden, og hovudfiguren er nettopp døden, inkarnert som bass-barytonen Nekrotzar. Han kjem til ein skyskrapar-by, der gatene er oversumte av søppel og uteliggjarar. Saman med ein alkoholikar og ein astrolog reiser han til Prins Go-Gos slott, der ein serie usamanhengande scenar stiller spørsmål ved om dei ser verdas nært føreståande undergang, eller om det heile har vore ein farse.

Le Grand Macabre hadde premiere i Stockholm 12. april 1978, og har blitt framført i 30 ulike produksjonar. Den reviderte utgåva hadde premiere i Salzburg 28. juli 1997.

Persongalleri

Piet The Pot (Piet vom Fass); karakter-tenor Amando (Spermando); mezzosopran Amanda (Clitoria); sopran Nekrotzar; bass-baryton Astradamors; bass Mescalina; character mezzosopran Venus; høgkoloratur-sopran Chief of the "Gepopo", the Secret Political Police; høgkoloratur-sopran Prince Go-Go; kontratenor Ruffiack Schobiack Schabernack White Politician; karakter-tenor Black Politician; bass-baryton

Orkester

Operaen er skriven for stort orkester, med ein svært stor perkusjonsavdeling som omfattar uvanlege gjenstandar i tillegg til vanlege orkesterinstrument.

3 fløyter (andre og tredje doblar som pikkolofløyte) 3 oboar (andre doblar som obo d'amore, tredje doblar som engelsk horn) 3 klarinettar i Bb (andre doblar som pikkoloklarinett i Eb og altsaksofon, tredje doblar som bassklarinett i Bb 3 fagottar (tredje doblar som kontrafagott) 4 horn i F 4 trompetar i C (første og andre doblar som pikkolotrompetar i D) Basstrompet i C 3 trombonar (tenor, tenor-bass & kontrabass) Kontrabasstuba

paukar Perkusjon (4 musikarar, sjå meir spesifikt lenger nede) 3 kromatiske munnspel (spelt enten av horn-musikarane eller perkusjonistane) Celesta (doblar som cembalo) Piano (doblar som elektrisk piano) Elektrisk orgel (berre med manualar, doblar som regal) Mandolin Harpe Strykarar (3, 0, 2, 6, 4)

Perkusjon:

Xylofon Vibrafon Glockenspiel Marimba 12 bilhorn i forskjellige tonehøgder 4 musical boxes 6 elektriske ringeklokker 2 tamburinar Militærtromme 2 skarptrommer 3 bongotrommer

Conga Tenortromme Paradetromme 4 tom-tomar 2 basstrommer 2 triangel 3 crotalar 3 frittståande cymbalar 1 par antikke cymbalar 2 par krasj-cymbalar Gong

2 tam-tamar Røyrklokker 2 japanske tempel-bjeller Maracas 2 guiroar 2 whipar 1 par claves 1 par kastanjettar Ratchet 3 wood blocks Log-tromme

5 temple blocks Stor sleggje Trelekter Slide whistle Whistle Cuckoo whistle Signal whistle Siren whistle Steamboat whistle 2 sirener 2 flexatoner

Duck-quacker Hum pots Stor alarmklokke Stor metronom Papir (enten silke eller avispapir) Eit par sandpapir-blokker Vindmaskin Papirpose Brett med steintøy Steikepanne Pistol

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Le Grand Macabre» frå , den 9. april 2011.

Bakgrunnsstoff

Intervju med György Ligeti

Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Fleirspråklege operaer Kategori:Operaer frå 1900-talet Kategori:György Ligeti