Christian Fredrik Nergard Havig () var ein embetsmann og stortingsmann frå Namsos. Christian Havig var far hans.
Han vart student i 1873 og cand. jur. i 1878. Åra 1879-83 var han konstituert sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal, deretter i tre år sakførar på Kongsberg. Tida 1886-96 var han sakførar i Mosjøen. Vidare var han fut i Lofoten og Vesterålen i to år, sorenskrivar i Lofoten 1898-1909 og sidan i Ringerike.
Havig var medlem av Vågå heradsstyret 1881-83, ordførar på Kongsberg 1885-86 og i Mosjøen 1890-94. Medlem av representantskapen i Noregs Bank frå 1895.
Valbolken 1892-94 var Havig 1. varamann for Nordlands amt til Stortinget. Etter Kristian Moursund døydde, møtte han fast frå 22. april 1892. Han representerte sidan amtet på Stortinget til 1900 og på ny 1903-06, deretter einmannskrinsen Lofoten 1906-09. Heile tingtida var han medlem av justiskomiteen, dessutan var han medlem av Lagtinget 1895-1900 og 1903-09, og av valkomiteen 1898-00 og 1905-09, samt fullmaktskomiteen 1903-09. Valbolken 1898-1900 var han sekretær i Stortinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Namsos