Eurovision Song Contest 1986 var den 31. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert av NRK laurdag 3. mai 1986 i Grieghallen i Bergen. Dette var fyrste gongen Eurovision Song Contest blei arrangert i Noreg, takka vere sigeren til Bobbysocks, med «La det swinge», året før. Åse Kleveland var programleiar, og Egil Monn-Iversen var musikalsk leiar for Kringkastingsorkestret. Dette blei også det store gjennombrotet til Sissel Kyrkjebø som artist, då ho opptredde i pausen med «Nystemten».

Til saman deltok 20 land. Island debuterte i konkurransen, mens Nederland og Jugoslavia var tilbake etter fråværet i 1985. Samstundes trekte Hellas og Italia seg.

Førehandsfavoritten Belgia vann en klår siger med 13-årige Sandra Kim og songen «». Dette var den første og hittil einaste sigeren til Belgia i Eurovision Song Contest. Kim er også den yngste som nokon gong har vunne konkurransen. Med den nedre aldersgrensa på 16 år som blei innført i 1990, kan ikkje denne aldersrekorden bli slegen. Fransk dominerte sigerspallen, for også andreplassen Sveits og tredjeplassen Luxembourg hadde franskspråklege bidrag. Irland blei nummer fire, mens Sverige tok femteplassen. Ketil Stokkan representerte Noreg på heimebane med «». Med seg på scena hadde han  og  frå Great Garlic Girls, og dette var fyrste gongen dragartistar deltok i Eurovision Song Contest. Det norske bidraget fekk 44 poeng og blei nummer 12 av 20 bidrag.

Bakgrunn venstre|miniatyr|Grieghallen i Bergen.

Bergen blir vertsby Då Bobbysocks vann Eurovision Song Contest i 1985 med «La det swinge», følgde nærmast ein nasjonal folkefest i Noreg. Dette var den første seier til Noreg i konkurransen, og dimed fekk Noreg også arrangere konkurransen for fyrste gang året etter. Men midt i sigersrusen oppstod det også raskt ein lokaliseringsdebatt om kor finalen i 1986 skulle haldast. Fleire byar kom raskt på banen, blant andre Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Etter lange sonderingar falt valet på Bergen og Grieghallen, og vedtaket blei offentleggjort av kringkastningssjef Bjartmar Gjerde direkte på Dagsrevyen sommaren 1985. Arenaen Grieghallen ligg sentralt i Bergen og stod ferdig i mai 1978. Hovudkonsertsalen til Grieghallen, Griegsalen, har 1610 sitjeplassar. Dette var langt lågare enn året før, då rundt 7500 publikummarar var på plass i Scandinavium. hadde vore den hardaste konkurrenten til Grieghallen, og NRK la den norske finalen i 1986 til Stavanger som eit slags plaster på såret.

Island debuterer Finalen blei lagd til laurdag 3. mai, og 20 land stilte til start – ein tangering av rekorden frå 1978, 1981 og 1983. Island debuterte i Eurovision Song Contest, etter å ha fått på plass en fast satellittforbindelse med resten av Europa. Island hadde riktignok sendt konkurransen i opptak sidan 1970, og direkte frå og med 1983. Men den islandske kringkastaren RÚV hadde heldt tilbake ei deltaking i frykt for å måtte ta på seg kostnadane ved ein eventuell sigerr. Men i 1986 var teknikken og økonomien god nok til at sagaøya kunne stille i Eurovision Song Contest for fyrste gang. Dimed deltok heile Norden for fyrste gong i konkurransen.

Nederland og Jugoslavia var tilbake etter fråværet året før, mens Italia trekte seg av ukjende grunner. Hellas var opphavleg blant deltakarane, men trekte seg kort tid før finalen – etter som det vert sagt var på grunn av at finalen kolliderte med den gresk-ortodokse påska. Hellas hadde til og med arrangert ein nasjonal finale, som Polína og låten «Vangón-li» (gresk transkripsjon av det franske ordet for sovevogn, wagon-lit) hadde vunne. Songen skulle ha vore nummer 18 ut i finalen i Bergen. Dimed sank deltakartalet frå 21 til 20.

Sendinga miniatyr|Åse Kleveland leia sendinga frå Grieghallen. Finalen var den største tv-produksjonen til NRK til då, og showet blei en stor moglegheit for kringkastaren og Noreg å vise seg fram for eit større internasjonalt publikum. I innleiinga til showet, og i postkort-filmane før kvart bidrag, viste NRK bilete av Bergen og vakker, norsk natur. «Det skulle se litt storslått ut, litt nært og menneskelig, og da har du en sending som går inn hos publikum, stort sett», sa produsent av showet i eit intervju med NRK i 2015.

Sendinga starta med ein kortfilm av norsk natur, nordlys, fjordar, sjø og hav. Underveis i filmen blei det vist akvarellar av norsk natur, ført i penselen av målaren Kåre Tveter. Mot slutten av filmen kom Bergen by til syne, filma frå Ulriken. Deretter dukka Grieghallen opp, som «opna» seg og tok sjåarane med inn i Griegsalen og dei 1 600 tilskodarane. I salen sat blant andre kronprinsfamilien: dåverande kronprins Harald, kronprinsesse Sonja, prinsesse Märtha Louise og prins Haakon Magnus.

Scenedekoren etterlikna norsk vintermiljø, med store gjennomsiktige «iskrystallar» som kunne dreiast, flyttast og lyssetjast etter behov. Scenedekoren var laga av scenograf , og lyssettinga blei utført av lysmeister Asbjørn W. Hagen. Til venstre på scena sat Kringkastingsorkestret, med rundt 60 musikarar kledde i kvitt. Orkesteret var under leiing av Egil Monn-Iversen, i tillegg hadde dei fleste deltakarlanda eigne dirigentar som leia orkesteret under sitt respektive bidrag. Midt på scena var det en stor trapp opp til bakrommet og green room-et til artistane.

Kjolespekulasjonar Ned den store trappa kom programleiar Åse Kleveland gåande i ein fotsid kjole i «sølvskimrende silke, overbrodert med perler, stener og paljetter, med syrinfarget skjørt under», ifølgje kommentator Knut Bjørnsen. På førehand hadde pressa spekulert intenst på kva slags kjole Kleveland skulle ha på seg under sendinga. Kjolespekulasjonane var så omfattande at Kleveland sjølv blei overraska. I eit intervju med NRK i 2007 sa ho: «Hysteriet omkring hva jeg skulle ha på meg, var ikke til å tro. Det var dager da jeg trodde det skulle kom opp ukebladjournalister av undertøysskuffen min».

Kleveland opna showet med å ønskje velkommen på ei rekkje språk, før ho song musikkstykket «Welcome to Europe», komponert for høvet av Egil Monn-Iversen. På slutten av stykket hadde Monn-Iversen komponert inn eurovisjons-fanfaren «Te Deum» og element frå «I Dovregubbens hall». I teksten song blant anna Kleveland «Soon we will know who'll be the best – in the Eurovision Song Contest» (norsk ‘snart får vi vite kven som blir den beste – i Eurovision Song Contest’).

Deretter heldt Kleveland ein introduksjon på engelsk og fransk, der ho uttrykte stor glede over at Noreg omsider hadde æra av å arrangere finalen. Blant anna sa Kleveland at vegen til Noreg i Eurovision Song Contest har «vært ganske tornefull, faktisk. Så du kan se for deg hvor glade vi ble da vi omsider vant i fjor». Heile sendinga frå Grieghallen varte i 2 timar og 43 minutt og hadde eit potensielt publikum på 700 millionar sjåarar i 33 land.

Startrekkefølgja var avgjort ved loddtrekking hausten før. Luxembourg opna sendinga som det 500. bidraget i historia til Eurovision Song Contest, mens Portugal avslutta sendinga. Noreg fekk startnummer fire. Kvart land blei introdusert av ein kort postkort-film med bilete frå ulike stader i Noreg, og deretter med bilete av landets deltakar. Postkort-filmen blei avslutta med eit postkort der det stod «Helsingar frå Noreg» på språket til deltakarlandet.

Det norske bidraget miniatyr|Ketil Stokkan og Great Garlic Girls framfører «Romeo» under den norske finalen. Den norske finalen var den største til då og blei for fyrste gong arrangert utanfor Oslo. Finalen blei lagd til , og finalen blei arrangert laurdag 22. mars med Jarl Goli som programleiar. I konkurranse med ni andre låtar, vann Ketil Stokkan med sin eigenkomponerte song, «». Songen fekk ingen stor kommersiell suksess i Noreg, men låg fire veker på den norske singellisten med femteplass som beste notering. Albumet Romeo selde berre 7500 eksemplar, og plateselskapet tapte rundt 750 000 kroner på lanseringa. Audun Tylden frå selskapet innrømma seinare at dei hadde forrekna seg: «Vi trodde vi skulle få mer igjen efter alle pengene og all innsatsen vi la ned i Bergen. Det har aldri skjedd at en norsk Grand Prix-artist har solgt så dårlig,» hevda Tylden.

I Eurovision Song Contest dirigerte Egil Monn-Iversen det norske bidraget. Saman med artisten Ketil Stokkan var koristane , Sigvart Dagsland og på scena. I tillegg deltok og frå Great Garlic Girls. Dei var utkledde som Romeo og Julie i pantomime-stil og utførte eit dansenummer kreert av koreografen Simen Sand. Dette var fyrste gongen dragartistar deltok i Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest.

Trass i den originale og livlege framføringa fekk det norske bidraget berre 44 poeng og ein tolvteplass. Stokkan representerte Noreg på nytt i Eurovision Song Contest 1990 med «Brandeburger Tor», mens to artistar frå Great Garlic Girls deltok i Melodi Grand Prix 2006 under namnet Queentastic.

Knut Bjørnsen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK P1 og P2. Sendinga blei send i stereo på radio. Den norske juryen sat i Oslo, og journalist las opp dei norske poenga under avrøystinga. miniatyr|Sissel Kyrkjebø fekk det store gjennombrotet sitt då ho opptredde i pausen i Eurovision Song Contest.

Pausenummeret Før avrøystinga viste NRK ein film som var filma i Bergen og omegn veka før finalen. I filmen dukka songaren Sissel Kyrkjebø og fløytisten Steinar Ofsdal opp og framførte ulike songar med tilknyting til Bergen. Egil Monn-Iversen stod for arrangementet. På slutten av pausenummeret blei sjåarane tatt tilbake til Grieghallen, der ein bunadskledd Sissel Kyrkjebø, som då knapt var 17 år gammal, gjekk på scena og song «Udsigter fra Ulrikken» – også kjend som «Bergensiana» og «Nystemten» – akkompagnert av Kringkastingsorkestret. Eit patriotisk bergenspublikum reiste seg og stod under heile framføringa, noko som kom overraskande på produksjonsteamet i NRK og tilreisande. For Sissel Kyrkjebø blei framsyninga i Eurovision Song Contest det store karrieremessige gjennombrotet hennar.

Avrøystinga Før avrøystinga starta kom programleiar Åse Kleveland med eit hint om telefonavrøysting som framtidig metode for å kåre vinnaren. «Eg ville gladeleg ha invitert dykk alle til å delta i avrøystinga, men så langt har ikkje den teknologiske utviklinga kommen endå», sa ho til sjåarane. Fyrst elleve år seinare gjorde EBU eit forsøk med telefonavrøysting, og i 1998 blei telefonavrøysting tatt i bruk i full skala for å kåre vinnaren av Eurovision Song Contest.

I staden blei vinnaren kåra med nasjonale jurygrupper. Kvart deltakarland hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som bedømte dei andre landa sine songar med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale juryen. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. 

Det fyrste landet til å røyste, var Luxembourg. 20 år tidlegare hadde programleiar Åse Kleveland deltatt i konkurransen i nettopp Luxembourg. Der enda ho på ein tredjeplass med «Intet er nytt under solen» av Arne Bendiksen – noko også Frank Naef påpeikte like før han sette i gang avrøystinga. Fram til 1996 var tredjeplassen til Kleveland den beste plasseringa til Noreg, sett bort frå sigrane i 1985 og 1995.