Eurovision Song Contest 1993 (ESC 1993) var den 38. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Green Glens Arena i Millstreet i Irland. Finalen fann stad laurdag 15. mai. Irland vann tevlinga med songen «In Your Eyes», framført av Niamh Kavanagh.
For fyrste gong måtte ein halde ein kvalifikasjonsrunde, dette grunna det rekordhøge talet deltakarland. Denne vart halden i Ljubljana i Slovenia og vart kalla Kvalifikacija za Millstreet. Her vart Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia kvalifisert for finalen i Millstreet, medan Estland, Romania, Ungarn og Slovakia måtte vente til året etter. Ingen av landa hadde delteke tidlegare, med unntak av Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia som tidlegare var ein del av Jugoslavia.
Dette året kunne ein for fyrste gong risikere å ikkje verte kvalifisert til tevlnga året etter. Dei landa som fekk dei seks siste plassane fekk ikkje delteke året etter, for å gi plass til landa som ikkje kom seg vidare frå kvalifikasjonsrunden.
Jugoslavia deltok for siste gong i 1992 på grunn av eit deltakingsforbod i Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN.
Kvalifikacija za Millstreet Kvalifikasjonsrunden, som vart kalla Kvalifikacija za Millstreet, vart halden 3. april 1993 i Ljubljana. Det har aldri vorte halden nokon liknande kvalifiseringsrunde etter dette. Fyrst i 2004 byrja ein å arrangere semifinalar før finalen, men dei liknar ikkje på kvalifiseringsrunden som vart halden dette året. Slovenia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia gjekk vidare til finalen, medan Slovakia, Estland, Ungarn og Romania ikkje fekk delteke før året etter.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Fazla «Sva bol svijeta» Bosnisk 052 02 02 Put «Don't Ever Cry» Kroatisk og engelsk 051 03 03 Janika Sillamaa «Muretut meelt ja südametuld» Estisk 047 05 04 Andrea Szúlák «Árva reggel» Ungarsk 044 06 05 Dida Dragan «Nu pleca» Rumensk 038 07 06 1X Band «Tih deževen dan» Slovensk 054 01 07 Elán «Amnestia na neveru» Slovakisk 050 04
Finalen Finalen vart halden 15. mai 1993 i Green Glens Arena i Millstreet. Irland vann tevlinga for femte gong. Danmark og Slovenia enda på ein delt 22. plass. Luxembourg, Tyrkia, Danmark, Slovenia, Israel og Belgia kvalifiserte seg ikkje til tevlinga året etter.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Enrico Ruggeri «Sole d'Europa» Italiensk 045 12 02 Burak Aydos «Esmer Yarim» Tyrkisk 010 21 03 Münchener Freiheit «Viel zu weit» Tysk 018 18 04 Annie Cotton «Moi, tout simplement» Fransk 148 03 05 Tommy Seebach Band «Under stjernerne på himlen» Dansk 009 22 06 Katy Garbi «Elláda, chóra tou fotós» Gresk 064 09 07 Barbara Dex «Iemand als jij» Nederlandsk 003 25 08 William Mangion «This Time» Engelsk 069 08 09 Ingibjörg Stefánsdóttir «Þá veistu svarið» Islandsk 042 13 10 Tony Wegas «Maria Magdalena» Tysk 032 14 11 Anabela «A cidade (até ser dia)» Portugisisk 060 10 12 Patrick Fiori «Mama Corsica» Fransk og korsikansk 121 04 13 Arvingarna «Eloise» Svensk 089 07 14 Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk 187 01 15 Modern Times «Donne-moi une chance» Fransk og luxembourgsk 011 20 16 1X Band «Tih deževen dan» Slovensk 009 22 17 Katri Helena «Tule luo» Finsk 020 17 18 Fazla «Sva bol svijeta» Bosnisk 027 16 19 Sonia «Better The Devil You Know» Engelsk 164 02 20 Ruth Jacott «Vrede» Nederlandsk 092 06 21 Put «Don't Ever Cry» Kroatisk og engelsk 031 15 22 Eva Santamaría «Hombres» Spansk 058 11 23 Kyriakos Zympoulakis og Dimos Van Beke «Mi stamatás» Gresk 017 19 24 Sarah'le Sharon og The Shiru Group «Shiru» Hebraisk og engelsk 004 24 25 Silje Vige «Alle mine tankar» Norsk 120 05
Artistar som har delteke tidlegare Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling Poeng Plass Tony Wegas 1992 063 10 Tommy Seebach 1979 076 06 1981 (med Debbie Cameron) 041 11 Katri Helena 1979 038 14
Kjelder Denne artikkelen bygger på «ESC 1993» frå , «ESC 1993» frå og VG.no, den 12. april 2011.
Kategori:Eurovision Song Contest etter år Kategori:Musikk i 1993