Eurovision Song Contest 2000 var den 45. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige etter at landet vann 1999-tevlinga med «Take Me to Your Heaven» og Charlotte Nilsson. Sendinga blei produsert av Sveriges Television og gjekk direkte frå Globen Arena i Stockholm laurdag 13. mai 2000. Programleiarar var og . Dette var andre gongen tevlinga blei arrangert i Stockholm, og fjerde gongen tevlinga fann stad i Sverige. Globen skulle seinare vere vertskap igjen for tevlinga i 2016.

Deltakarfeltet bestod av 24 land. Latvia debuterte, og Russland var tilbake for fyrste gong sidan 1997. Slovakia, Hellas og Ungarn avstod frå å delta av økonomiske årsaker, mens Finland, Makedonia, Romania og Sveits var tilbake etter å ha måtta stå over i 1999. Samstundes måtte Bosnia-Hercegovina, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia stå over 2000-tevlinga, siden dei hadde dei lågaste snittpoengsummane i femårsperioden 1995–1999.

Danmark vann tevlinga med Olsen Brothers og songen «Fly on the Wings of Love», som fekk 195 poeng. Dette var den andre sigeren til Danmark til då, og den fyrste på 37 år, sidan Grethe og Jørgen Ingmann vann med «Dansevise» i 1963. Russland, Latvia, Estland og Tyskland utgjorde resten av topp fem. Både Russland og Estland fekk sine beste plasseringar i tevlinga til då, mens tredjeplassen til Latvia var den beste plasseringa til eit debutantland sidan andreplassen til Polen i 1994. Noreg var representert av gruppa , som song «» til ein ellevteplass.

Gjennom ei sponsoravtale med Microsoft blei Eurovision Song Contest for fyrste gong sendt direkte over internett.

Bakgrunn venstre|miniatyr|Globen i Stockholm, i dag kjend som Avicii Arena. Etter sigeren med «Take Me to Your Heaven» i Jerusalem året før, var det Sverige og SVT som var vertskap for tevlinga. Dette var den fjerde gongen Sverige arrangerte Eurovision Song Contest etter å ha arrangert i Stockholm i 1975, Göteborg i 1985 og i Malmö i 1992.

SVT la tevlinga til Globen Arena, i dag kjend som Avicii Arena, med plass til tilskodarar. Tv-programleiarane Kattis Ahlström og blei valde til å leie programmet. Sistnemnde var kjend også for norske sjåarar etter å ha vore programleiar for den nordiske samproduksjonen . Svante Stockselius var hovudprodusent for finalen, mens norske var regiansvarleg for sendinga.

Etter synkande sjåartal i åra i forvegen, ønskte dei svenske arrangørane å fornye showet. Både scenedekor og kameraføring var meir moderne enn tidlegare. Det same var logoen, ein stilisert halvopen munn som skulle vere ein «sensuell, men stilistisk rein munn, som representerte song, dialog og tale», ifølgje logoskaparane. På scena var det også fem store mobile tv-skjermar på nærare 2 gonger 4 meter. Postkort-filmane mellom songane skulle også syne fram Stockholm som ein moderne storby. 3000 menneske var involvert i arbeidet med finalen, og SVT brukte 22 kamera under sendinga frå Globen.

Prislappen for heile produksjonen var rekna til 50 millionar svenske kroner, og av dette betalte NRK kroner for å delta i tevlinga.

Kvalifisering Sidan stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, hadde EBU innført eit meir permanent kvalifiseringssystem frå 1997 for å halde talet på deltakarland nede. Eit land som ikkje var kvalifisert eit år, fekk automatisk rett til å delta året etter. Dette var fyrste året der ordninga med «dei fire store» tok til å gjelde. Dette innebar at dei fire største økonomiske bidragsytarane i Eurovision Song Contest – Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland – var sikra deltaking uansett korleis dei gjorde det i tevlinga.

EBU auka dette året talet på deltakarland frå 23 til 24. Startfeltet bestod av vertslandet Sverige og «dei fire store»: Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland. I tillegg deltok debutantlandet Latvia, dei 13 landa med høgast gjennomsnittspoengsum frå femårsperioden 1995–1999 og landa som måtte stå over finalen året før.

På grunn av kvalifiseringsordninga var ikkje Bosnia-Hercegovina, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia kvalifisert for 2000-tevlinga. Dette for å gje plass til Finland, Makedonia, Romania, Russland og Sveits som måtte stå over året før. Hellas skulle også ha deltatt etter å ha måtta stå over i 1999, men den greske kringkastaren ERT valde av økonomiske årsaker å ikkje ta del. Ungarn og Italia var no permanent fråverande frå Eurovision Song Contest. +Kvalifiseringstabell for 2000RangLandSnittMottatte poeng per år19951996199719981999Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert190,401001003653163Kvalifisert etter å ha stått over i 1999225,0017 33316,00 16415,5092259,00225066,00 6Kvalifisert som ein av «Dei fire store»7116,80767722716638862,251 2286140950,8011917962111044,80941895314Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1995–199911115,3381 172931289,004416215764181384,60919824131791481,40766866165321576,00785150711675,50948236901775,20148114079351862,6792 25711961,503151181462057,607972983722153,00676812652249,00215712125212347,5082212238Kvalifisert som debutantland24–Ikkje kvalifisert for finalen i 20002545,4084166017502633,75141322862729,00592036122827,2015315419172913,0013Stod over–39,8068363912–14,00198 Notar

Sendinga miniatyr| var ein av dei to programleiarane. Programmet opna med bilete frå Stockholm, mens namna på alle deltakarlanda blei lesne opp. Deretter blei det vist bilete inne frå eit mørklagt og stille Globen, før ei kvitkledd, blond jente dukka opp på scena og ropte «Welcome, Europe!». Da braut jubelen laus blant dei publikummarane i arenaen. Programleiarane Kattis Ahlström og kom deretter på scena og heldt ein introduksjon på alle deltakarspråka.

Deretter starta presentasjonen av dei 24 deltakerlåtane. Rekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking fleire månader i forvegen, Israel opna, mens Austerrike avslutta. Som året før hadde Noreg fått trekt startnummer åtte. Kvart land blei presentert med ein såkalla postkortfilm som viste ein ting frå det respektive landet på plass i Stockholm. I postkortfilmen til Noreg var det norsk bensin som var temaet. Undervegs i songframsyningane var det fleire pauser der ein viste klipp frå tidlegare finalar. venstre|miniatyr|Olsen Brothers tok ein overraskande dansk siger. Her frå Dansk Melodi Grand Prix 2017. Foto: Wouter van Vliet, EuroVisionary Pausenummeret var ei «musikalsk rundreise» i Europa, regissert av Johan Söderberg. Nummeret opna med ei felespelande svensk jente på scena, akkompagnert av ein kortfilm med bilete av syngjande og spelande menneske frå ulike land i Europa. Nummeret blei avslutta med eit kombinert danse- og trommeshow direkte frå Globen. SVT hadde som mål å modernisere tevlinga, og arrangørane blei godt hjelpte av startfeltet som bestod av langt meir tidsriktige og kommersielle låtar enn tidlegare. Blant desse var songane frå Estland, Noreg, Russland, Island og Latvia. Sverige var representert av , som blant anna fekk hjelp frå den norske joikaren .

Men blant dei mange ungdommelege og tidsriktige songane, var det dei middelaldrande danske brørne Olsen som vann med «Fly on the Wings of Love». Den danske sigeren kom overraskande på både presse og speleselskap, og etter sigeren kommenterte Aftenposten: «At de to sympatiske brødrene vant, er ikke bare en stor overraskelse, men også et paradoks. For dette var året da sangkonkurransen gjennomgikk en nesten total foryngelse, der seige ballader var byttet ut med ungdommelig gladpop.»

Trass dette fekk «Fly on the Wings of Love» større kommersiell suksess enn vinnarlåtane åra før, og i Sverige selde singelen til platina. I Noreg låg songen fire veker på VG-lista med ein femteplass som høgaste notering. Også albumet Wings of Love selde bra og toppa VG-lista i seks veker. Dette var den andre sigeren til Danmark i Eurovision Song Contest, og den fyrste på 37 år, sidan Grethe og Jørgen Ingmann vant tevlinga i 1963 med «Dansevise».

Sendinga blei direkteoverført til 33 land – blant andre Australia og Japan – og hadde eit potensielt publikum på 800 millionar sjåarar.

Avrøystinga Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting. Sjåarane fekk røyste i ti minutt før linjene stengde, men kvart land hadde også ein reservejury på åtte personar i tilfelle det oppstod problem med telefonavrøystinga. Fem av landa – Latvia, Makedonia, Romania, Russland og Tyrkia – brukte jury. I tillegg måtte Nederland bruke sin reservejury då landet avlyste telefonavrøystinga kort tid før finalen på grunn av fyrverkeriulykka i Enschede same dag. Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Ines og «Once in a Lifetime» frå Estland var den store førehandsfavoritten dette året, i tevling med blant andre norske , russiske Alsou og latviske Brainstorm. Men då poenga byrja å komme inn, tok Danmark leiinga frå start og vann til slutt klårt med –  framfor Russland på andreplass. «Fly on the Wings of Love» fekk 12 poeng frå heile åtte land og 10 poeng frå sju. Norske tv-sjåarar gav til Danmark. Favorittane Latvia og Estland blei høvesvis nummer tre og fire, mens Noreg enda på ein ellevteplass.

Det norske bidraget Det norske bidraget var songen «», som blei framført av gruppa med ,  og  som medlemmar. Den friske poplåten hadde overraskande vunne den norske finalen i mars og blei liggjande på VG-lista i elleve veker med tredjeplass som høgaste notering. Den norske låten var komponert av , med tekst skriven av .

I forkant av den internasjonale finalen segla det norske bidraget opp som ein av favorittane til å vinne. Den norske delegasjonsleiaren, Jon Ola Sand, hadde aldri opplevd ei så stor interesse for Noreg tidlegare, og jentene i Charmed begeistra presse og fans i dagane før finalen. I finaleveka hadde fleire av veddemålsbyråa «My Heart Goes Boom» på topp tre. Fire dagar før finalen hadde det britiske speleselskapet Noreg på andreplass, etter Estland. Merksemda var stor rundt dei norske deltakarane, men etter ein svak generalprøve dagen før finalen, bad Charmed om å få ro fram til finalen. På scena i Globen laurdag 13. mai gjekk Charmed på scena som nummer åtte. Med seg hadde dei koristane , Håvard Gryting og Karin Kvalvaag. Trass favorittstemplet på førehand fekk Noreg berre 57 poeng frå dei andre landa og hamna på ein ellevteplass.

, som hadde jobba med programleiar i den nordiske samproduksjonen , las poenga frå dei norske sjåarane. kommenterte sendinga på NRK1, mens kommenterte for NRK P1.

I opptakta til finalen hadde NRK og Telenor gått saman om ei storsatsing på internett. I veka før finalen kunne lesarane lese daglege rapportar, sjå videoklipp og anna på internett. Dette var fyrste gongen NRK hadde ein så omfattande dekking av tevlinga på internett, og prosjektet skulle teste korleis NRK og Telenor kunne «jobbe sammen for å utvikle tilbudet av bredbåndstjenester i Norge». Eurovision Song Contest blei også sendt på internett for fyrste gang dette året, men dette var ikkje ein del av tilbodet frå NRK og Telenor.

Hendingar På førehand var det ein del kontroversar omkring den israelske gruppa Ping Pong. Under prøvene vifta medlemmane i gruppa med både israelske og flagg som eit bodskap om fred mellom dei to landa. Alle dei fire gruppemedlemmane fortalde også at dei var biseksuelle og praktiserte fri sex, og dei to mennene i gruppa kyssa under framføringa. Både den israelske delegasjonen og EBU-leiinga trua med å diskvalifisere det israelske bidraget dersom gruppa fortsette å vifte med flagga, men Ping Pong fekk til slutt lov til å bruke flagga under framføringa.

Etter den danske sigeren la den russiske delegasjonen inn protest mot Danmark, sidan Jørgen Olsen hadde brukt ein vocoder for å forvrengje stemma på eit av versa i vinnarsongen. EBU avviste klagen.