Bête Noire er det sjuande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry. Albumet kom i november 1987 på Virgin Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde niandeplassen på den britiske albumlista. Det selde til gullplate i Storbritannia.
Den første singelen, «The Right Stuff» (eit samarbeidd med Johnny Marr som ein versjon av The Smiths-instrumentalen «Money Changes Everything», ei B-side) var den einaste hitten hans i Storbritannia, då singelen nådde 37. plassen. Den andre singelen, «Kiss and Tell», nådde akkurat ikkje topp 40 i Storbritannia, men nådde topp 40 i USA, som den einaste singelen til Ferry som klarte dette. Songen vart nytta i filmen Bright Lights, Big City. Den tredje og siste singelen, «Limbo», nådde 86. plassen i Storbritannia.STUART LENIG -The Twisted Tale of Glam Rock – Page 88 2010 «The music was very programmatic, with images of southern sambas in »Limbo,« seaside tales in »Windswept,« and hidden ...»Digital Audio og Compact disc Review – Volume 4, Issues 7–12 – Page 87 1988 «Bryan Ferry: Bete Noire ... »Limbo« kicks off this danceable recording in a Caribbean groove, »Keyboard – Volume 14 -1988 Page 106 «In Bryan Ferry's »Limbo,« from Bete Noire, there are saksofon section parts that sound like they're from a 78 record og in the beginning there are weird sounds like bird calls and swamp animals ...» Modellane Denice Lewis (som òg er på framsida av singelomslaget), Christine Keeler og Mandy Rice-Davies var med i musikkvideoen for singelen «Kiss and Tell».
Bakgrunn Etter suksessen med det førre Ferry-albumet, Boys and Girls (1985), kom han fram til at det var på tide med ei stilendring. I eit forsøk på å gje musikken sin ein meir dansbar stil, slo han seg saman med Patrick Leonard, som var kjend for samarbeidet med Madonna. Leonard var medlåtskrivar på fem av songane på albumet. Gjesteartistar på albumet var mellom anna Pink Floydgitaristen David Gilmour, studiomusikaren Guy Pratt, David Williams, Abraham Laboriel, den tidlegare Roxy Music-gitaristen Neil Hubbard og trommeslagaren Andy Newmark.
Fans har ofte spekulert i om songen hans «Kiss and Tell» var Ferry sitt svar til den avslørande boka til Jerry Hall om forholdet deira, som var komen ut eit par år tidlegare.
Søksmål med E.G. Records Før albumet kom ut hevda Ferry at platekontrakten hans med selskapet E.G. enda i mars 1987 og at han kunne selje det nye albumet til andre selskap. E.G. sa at dette braut ein 15 år lang kontrakt som gav dei eksklusive rettar til marknaden i Canada og USA. Søksmålet kom opp i høgsteretten i London og i ei høyring før rettssaka vart partane samde om at albumet skulle gjevast ut før hovudhøyringa. Ferry skulle betale ein tredjedel av honorara til ein felles konto med E.G. – som dei skulle få om dei vann saka. E.G. vann til slutt saka og marknadsførte albumet i Canada og USA.
Albumet kom ut i USA på Reprise Records, og det gjekk inn på Billboard-lista 21. november 1987 og låg 31 veker på lista, med ein 63. plass som høgaste plassering.
Turneen i 1988-1989 Ferry turnerte i Australia, Japan, USA, Canada og Europa for å marknadsføre albumet. The Edge frå U2 vart med Ferry på scenen på konserten i Dublin for å spele på den irske folkevisa «Carrickfergus» (som Ferry tidlegare hadde spelt inn i 1978) og Johnny Marr akkompagnerte han på «The Right Stuff» på konserten i Manchester. Den tidlegare Roxy Music-musikaren Andy MacKay spelte òg på eit par nummer på konsertane i London Palladium og Wembley Arena.
Fleire av songane frå konserten i Glasgow kom ut på fleire CD-singlar av Ferry mellom 1993 og 1995.
Besetning
Bryan Ferry – solovokal Clifford Carter – klaverinstrument Neil Hubbard – gitar Jeff Thall – gitar Chester Kamen – gitar (berre i 1989) Luico Hopper – bass Andy Newmark – trommer Steve Scales – perkusjon Andy Mackay – saksofon (gjesteartist i London) Michelle Cobbs – korvokal Ednah Holt – korvokal Yanick Etienne – korvokal
Konsertar 2. august 1988 – Poughkeepsie i New York i USA 3. august 1988 – New Haven i Connecticut i USA 5. august 1988 – Philadelphia i USA 6. august 1988 – Boston i USA 7. august 1988 – Woodbridge, California i USA 9. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA 10. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA 11. august 1988 – Radio City Music Hall, New York i USA 13. august 1988 – Chrysler Hall, Norfolk i USA 14. august 1988 – Atlanta i Georgia i USA 15. august 1988 – Washington, D.C. i USA 17. august 1988 – Toronto i Canada 18. august 1988 – Montreal i Canada 20. august 1988 – Quebec City i Canada 21. august 1988 – Ottawa i Canada 23. august 1988 – Cleveland i USA 24. august 1988 – Detroit i USA 26. august 1988 – Milwaukee i USA 27. august 1988 – Chicago i USA 28. august 1988 – Chicago i USA 30. august 1988 – Minneapolis i USA 31. august 1988 – Winnipeg i Canada 2. september 1988 – Calgary i Canada 3. september 1988 – Edmonton i Canada 5. september 1988 – Vancouver i Canada 6. september 1988 – Seattle i USA 8. september 1988 – Sacramento i USA 9. september 1988 – Berkeley i USA 10. september 1988 – Santa Barbara i USA 12. september 1988 – Denver i USA 13. september 1988 – Phoenix i USA 16. september 1988 – San Diego i USA 18. september 1988 – Los Angeles i USA 19. september 1988 – Los Angeles i USA 11. oktober 1988 – Nihon Budokan, Tokyo i Japan 12. oktober 1988 – NHK Hall Tokyo i Japan 13. oktober 1988 – Nagoya City Hall Nagoya i Japan 15. oktober 1988 – Cultural Hall Shikoku i Japan 17. oktober 1988 – Nihon Budokan Tokyo i Japan 18. oktober 1988 – Department Of Education Hall Osaka i Japan 20. oktober 1988 – Department Of Education Hall Osaka i Japan 21. oktober 1988 – Kawasaki Cultural Hall Yokohama i Japan 25. oktober 1988 – USA Super Top Tent Aukland i New Zealand 29. oktober 1988 – World Expo 1988 Brisbane i Australia 31. oktober 1988 – Entertainment Centre Sydney i Australia 1. november 1988 – Entertainment Centre Sydney i Australia 4. november 1988 – National Tennis Centre Melbourne i Australia 7. november 1988 – Festival Theatre Adelaide i Australia 8. november 1988 – Festival Theatre Adelaide i Australia 11. november 1988 – Entertainment Centre Perth i Australia 17. november 1988 – Sporthalle Hamburg i Tyskland 19. november 1988 – Isstadion Stockholm i Sverige 22. november 1988 – Paris i Frankrike 23. november 1988 – Ahoy Rotterdam i Nederland 27. november 1988 – ICC Berlin i Tyskland 28. november 1988 – Phillipshalle Düsseldorf i Tyskland 2. desember 1988 – Palasport Firenze i Italia 4. desember 1988 – Palaeur Rome i Italia 6. desember 1988 – Olympiahalle Munich i Tyskland 7. desember 1988 – Alte Oper Frankfurt i Tyskland 8. desember 1988 – Vorst Nationaal Brussels i Belgia 10. desember 1988 – SECC Glasgow i Skottland 11. desember 1988 – Manchester GMEX Centre 13. desember 1988 – Royal Dublin Showground i Irland 15. desember 1988 – Palladium London i England 16. desember 1988 – Palladium London i England 13. januar 1989 – National Exhibition Centre Birmingham i England 14. januar 1989 – National Exhibition Centre Birmingham i England 16. januar 1989 – Wembley Arena London i England 17. januar 1989 – Wembley Arena London i England 19. januar 1989 – Wembley Arena London i England 20. januar 1989 – Wembley Arena London i England
Mottaking
I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett at «Bête Noire gnistrar som høgdepunktet i solokarrieren til Ferry etter Roxy, og har nok energi til å vere meir enn Boys and Girls del to. Her slår hans velpolerte hjartesorg ein fin balanse mellom mystisk stemning og dansegolv-energi, og Leonard har meir enn eit par triks i ermet for å halde peppen oppe.» Kritikaren Robert Christgau skreiv «Som med Mick Jagger, av alle folk, er signalet om at sjølvimitasjonen har søkkt ned i sjølvparodisk forkynnande og keisam vokal, som ein gong var ur-posh, no berre er sjølvtilfreds.» Billboard skreiv om albumet: «Den tidlegare Roxy Music-maestroen sin etterlengta oppfølgjar til Boys and Girls byr godt for det nye selskapet hans Reprise. Som tidlegare Ferry-soloplater er songaren og låtskrivinga like elegant og sjarmerande som vanleg. Melodiane heng på det kjende temaet hans med l'amour moderne on the rocks. Songane er gjennomgåande solide, sjølv om 'Kiss & Tell' og 'Seven Deadly Sins' stikk seg ut.»
Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at «Bête Noire er eit nytt steg for Ferry bort frå distinkte songar og inn i atmosfære og kjensle. Strategien fungerer stundom særs bra, som Ferry beviste på overgangsalbumet Avalon av Roxy Music. Men når røysta hans søkk djupare ned i dei mørke laga i musikken hans, når tekstane hans vert redusert til ein morse-kode av raffinert fortviling og emna trekk seg ned i tåka, verkar Ferry i aukande grad som Narkissos, hugteken av sin eigen refleksjon i dammen - og den botnlaus djupna nedanfor.»Quoted in Buckley, David. The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry & Roxy Music. 2004. pg 382 Mark Coleman skreiv i Rolling Stone Album Guide at «Bête Noire kunne hatt bruk for ein solid melodi. Like lågmælt og stemningsfullt som alltid, går den djupt stemningsfulle røysta til Ferry likevel tapt blant dei store og antiseptiske musikalske krusedullane frå den digitale innspelingsæraen. Bête Noire er deprimerande smakfull og ein avdempa, toppmoderne bakgrunn.»DeCurtis, Anthony. «Bryan Ferry». Rolling Stone Album Guide. 1992. s. 243-244 Ira Robbins i Trouser Press skreiv «Den like kontrollerte Bête Noire stadfestar at Ferry forpliktar seg til ufarleg raffinement. Den fantastiske røysta er den einaste ressursen hans. Det han syng om er alt anna enn relevant. Med den sterkare melodiske utviklinga på denne plata og eit breiare utval av dansbare tempo enn på Boys and Girls er påtakelege teikn på liv. Involveringa til den tidlegare Smiths-gitaristen Johnny Marr, som spelar og er medlåtskrivar på ein nesten spanande song ('The Right Stuff') er eit anna positivt touch. Til slutt, med reduserte forventingar, er 'Limbo', 'Kiss and Tell' og 'Day for Night' kjølig innbydande og forholdsvis lette å like.»http://trouserpress.com/entry.php?a=bryan_ferry
Innhald
Medverkande
Bryan Ferry – solovokal, klaverinstrument, akustisk piano
Patrick Leonard – klaverinstrument, synthesizer David Gilmour – gitar Neil Hubbard – gitar Dann Huff – gitar Chester Kamen – gitar Johnny Marr – gitar Bill Rupert – gitar David Williams – gitar Abraham Laboriel – bass Marcus Miller – bass Guy Pratt – bass Vinnie Colaiuta – trommer Andy Newmark – trommer John Robinson – trommer Rhett Davies – trommemaskinar Paulinho da Costa – perkusjon Jimmy Maelen – perkusjon Courtney Pine – saksofon Dan Wilensky – saksofon Mario Abramovich – fiolin José Libertella – bandoneon Luis Stazo – bandoneon Tawatha Agee – korvokal Michelle Cobbs – korvokal Yanick Etienne – korvokal Siedah Garrett – korvokal Paul Johnson – korvokal Albert Sanchez – korvokal Fonzi Thornton – korvokal
Teknisk Alle songar produserte av Bryan Ferry og Patrick Leonard, utanom «Kiss and Tell», «New Town», «The Right Stuff» og «Seven Deadly Sins» av Bryan Ferry, Patrick Leonard og Chester Kamen. Lydteknikarar – Ian Eales, Steve Jackson og Kevin Killen. Miksa av Bruce Lampcov og Alan Meyerson Mastering av Bob Ludwig i Masterdisk (New York, NY).
Salslister Album Liste (1987)PlasseringAustralian (Kent Music Report)20UK Album Charts9Billboard-lista63Swiss Hitparade21Tyskland Media Control21Nederland MegaCharts15Sverigetopplistan6Norske VG-lista10RIANZ11 Kanadiske RPM Top Albums23
Singlar
ÅrSingelListePlassering1987«The Right Stuff»UK Singles Chart371988«Kiss and Tell»UK Singles Chart411988«Kiss and Tell»US Billboard 100311988«Limbo»UK Singles Chart86
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bête Noire» frå , den 23. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Bryan Ferry-album