Mamouna er det niande studioalbumet til Bryan Ferry, gjeve ut på Virgin Records i september 1994. Det var det første albumet til Ferry med originale songar på sju år og han brukte seks år på å skrive songane og spele dei inn, under arbeidstittelen Horoscope. Albumet nådde 11. plassen på UK Albums Chart og 12. plassen på VG-lista i Noreg.
Albumtittelen referer til ein by i Marokko kalla Mamouna som tyder «trygg» på arabisk.
Fleire av dei tidlegare bandmedlemmane hans i Roxy Music spelte på albumet, inkludert Brian Eno som slutta i bandet i 1973.
Mottaking I ei melding for AllMusic skreiv kritikaren Ned Raggett om albumet: «Det er somme songar verdt å merke seg ‘The 39 Steps’ har ei noko truande stemning ved seg, som høver med tanke på den filmatiske referansen i tittelen. Ferry /Eno-samarbeidet ‘Wildcat Days’ syner noko av dei gamle synth-smeltande glimta til Eno. Totalt sett er Mamouna behageleg utan å vere involverande.»
Innhald
Medverkande
Bryan Ferry – solovokal, synthesizer, piano Phil Manzanera – gitar på spor 1 og 7. Robin Trower – gitar på spor 6 Maceo Parker – altsaksofon på spor 2. Nile Rodgers – rytmegitar på spor 2, 6 og 9. Carleen Anderson – korvokal Nathan East – bassgitar utanom spor 4. Pino Palladino – bassgitar på spor 4 Guy Pratt – wah-bass på spor 5 og 6 Brian Eno – lydar Steve Ferrone – trommer Guy Fletcher – synthesizer Neil Hubbard – gitar Luke Cresswell – perkusjon på spor 2 Luís Jardim - perkusjon på spor 3 Neil Jason – dyrelydar Chester Kamen – gitar Andy Mackay – altsaksofon på spor 8 Mike Paice – altsaksofon på spor 7 Richard T. Norris – sløyfer, programmering Steve Scales – perkusjon Jeff Thall – gitar Yanick Etienne – korvokal på spor 5 og 6 Paul Johnson – korvokal på spor 6 Fonzi Thornton – korvokal David Williams – gitar, korvokal Jhelisa Anderson – korvokal
Teknisk Johnson Somerset – assisterande produsent Sven Taits – lydteknikar Richard T. Norris – ekstra lydteknikar Bob Clearmountain – miksing Bob Ludwig – mastering Bryan Ferry, Nick de Ville – kunstnarisk leiar James Ward – måleri Steven Cassidy – fotografi
Salslister Album ÅrListePlassering1994Australia (ARIA Charts)781994UK Album Charts111994Billboard 20094
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mamouna» frå , den 24. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Capitol Records-album