RS 22 «Vardø» var ei redningsskøyte som vart bygd for Redningsselskapet i 1909. Ho vart konstruert og bygd av Colin Archer i Larvik. Byggjesummen var Kr 11554,29. I tillegg til innsamling i Vardø, vart skøyta finnansiert av Redningsselskapet.
I 1942 fekk skøyta innsett motor. Då vart og namnet endra til RS «Colin Archer». I 1948 vart ho teken ut or teneste. Då hadde ho redda 36 menneske frå ein sikker daude, og assisterte 1049 fartøy.
Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Norsk Maritimt Forlag 2002
Vardø Kategori:Skip frå 1909 Kategori:Skip kalla opp etter nordmenn Kategori:Skip kalla opp etter norske stader