«Love Me or Leave Me» er ein amerikansk populære song frå 1920-åra.
Musikken var skriven av Walter Donaldson og teksten av Gus Kahn. Songen vart introdusert av Broadway-skodespelet, Whoopee!, som opna i desember 1928. Ruth Etting si framføring av songen var så populær at ho måtte synge songen i skodespelet Simple Simon, som opna i februar <1930.
Innspelte versjonar
Originalversjonen av songen, den bestseljande gjennom tidene, vart spelt inn av Ruth Etting den 17. desember 1928. Han vart gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Bringing a Red, Red Rose», òg skriven av Donaldson/KahnColumbia Records in the 1500D to 1999D series. Songen nådde 2. plassen på listene i 1929.
Andre populære versjonar på denne tida vart gjort av Guy Lombardo's Royal Canadians, med vokal av Carmen Lombardo (innspelt 20. mars 1929, gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Still Caring») og av Leo Reisman og orkesteret hans (innspelt 22. april 1929, utgjeven av Victor Records med B-sida «Sweet Chewaulka, Land of Sleepy Water»Victor Records in the 21500 to 21999 series).
Ei innspeling gjort 12. desember 1947 av Bing Crosby og orkesteret til John Scott Trotter kom ut i 1951 på Decca Records.Decca Records in the 27500 to 27999 series.
Sidan songen vert rekna som ein av dei største hittane til Etting, vart tittelen nytta for filmen om livet hennar, med Doris Day som Etting, i 1955. Day-versjonen av songen, frå filmen, vart ein stor hit for ho. Same året spelte òg Sammy Davis Jr. og Lena Horne inn songen. Davis-versjonen låg 12 veker på Billboard-lista..
Horne si utgåve nådde 19. plass på Billboard-lista.
Nina Simone spelte inn songen for debutalbumet Little Girl Blue (1958) og Let It All Out (1966). Simone-versjonen vart bytta i filmen Billy's Hollywood Screen Kiss. Denne versjonen vart gjeven ut som singel i 1959. Simone spelar her ein av J.S. Bach sine Inventionen i midten av songen.
Ella Fitzgerald spelte ei utgåve av songen i 1962 på Ella Swings Brightly with Nelson som vann ho ein Grammy-pris i 1963.
Andre versjonar The Badgers Elkie Brooks (1984) Earl Burtnett's Biltmore Trio (1929) Perry Como Bing Crosby (The Bing Crosby CBS Radio Recordings (1954-56)) Miles Davis (Walkin') Dixieland Swingsters (1937) Billy Eckstine Les Elgart and his orchestra Chick Endor med Leonard Joy (1929) Sammy Fain (1929) Bryan Ferry (As Time Goes By 1999) Pat Flowers Erroll Garner (1952) Benny Goodman and his orchestra (1933) Teddy Grace (1938) Bob Haring and his orchestra (1929) Edgar Hayes Quintet (1937) Eddie Heywood and his orchestra (1944) Billie Holiday (1941) Olivia Newton John Frances Langford med Earle Hogen (1946) Sam Lanin's Dance Orchestra (1929) Virginia Lee (1929) Henry Levin's Dixieland Octet (1941) Majestic Dance Orchestra (1929) Mel and Stan (1947) Ella Mae Morse (1922) Jimmie Noone's Apex Club Orchestra (1929) Jimmie Osborne Chuck Penny Hazel Scott (1947) Lee Sims (1929) Bill Staffon and his orchestra (1935) Cal Tjader (1953) The Top Bananas Sarah Vaughn med Ted Dale Orchestra John Vincent's Californians (1929) Thomas "Fats" Waller (1929) Ted Weems and his orchestra (1949) The Youth (1969) Peggy Lee på albumet Black Coffee.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Me or Leave Me (song)» frå , den 18. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Popstandardar Kategori:Songar frå 1928 Kategori:Doris Day-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:Sammy Davis Jr.-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:Miles Davis-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Benny Goodman-songar Kategori:Billie Holiday-songar Kategori:Sarah Vaughan-songar