RS 50 «Osloskøyta» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1940. Ho vart konstruert av Bjarne Aas og bygd av Knut Christensen & Co i Risør. Med sine 19 meter var ho den største av Aas-skøytene. Byggesummen, kr 125000, vart innsamla i Oslo, noko som syner att i namnet.
I mai 1948 redda «Osloskøyta» mannskapet på 8 frå det flytande trandamperiet «Trana» ved hamna i Berlevåg. Mannskapet på redningsskøyta, Bertel Afset, Karl Knudsen, Olaf E.Afset og Edmund Steira, mottok Kongens fortenestmedalje i gull for denne redninga. Dei fekk og Emile Robins belønning for 1948. Det gjorde dei og for 1950.
Mannskapet på «Osloskøyta» vart, som mannskapet på 6 andre redningsskøyter, tildelt Deltakarmedaljen etter andre verdskrigen for flyktningetransport til Sverige.
I 1965 fekk «Osloskøyta» lekasje i krapp sjø på Hustadvika. Ved slippsetting synte det seg at ho var i så dårleg stand at det ikkje lønte seg å reparere. I 1966 vart ho seld til private.
Kjelder Bjørn Foss: Fra seil til vannjet. Historien om redningsskøytene Norsk Maritimt Forlag 2002
Osloskøyta Kategori:Skip frå 1940