Taking Tiger Mountain (By Strategy) er det andre soloalbumet til Brian Eno. Det var produsert av Eno og kom opphavleg ut på Island Records i november 1974. I motsetnad til det førre albumet, Here Come the Warm Jets, nytta Eno eit band med fem medlemmar og færre gjestemusikarar. I same periode produserte Eno albumet til Robert Calvert, Lucky Leif and the Longships. Dei flest musikarane på Taking Tiger Mountain var òg involvert i dette prosjektet Gitarist og medlåtskrivar Phil Manzanera, som hadde spelt med Eno i Roxy Music, medverka òg på albumet. For å hjelpe til med produksjonen av albumet utvikla Eno og Peter Schmidt instruksjonskort kalla Oblique Strategies for å hjelpe den kreative prosessen på albumet.

Albumet nådde ikkje salslistene, men fekk mykje omtale i rockepressa.Tamm, 1995. s.100Tamm, 1995. s.101

Produksjon Albumet var produsert av ei rekkje postkort av ein kinesisk revolusjonsopera kalla Taking Tiger Mountain by Strategy.Howard, 2004. s.192

For å hjelpe seg under innspelinga av albumet, utvikla Eno og venen Peter Schmidt ei rekkje instruksjonskort, Oblique Strategies. Han let korta diktere den neste handlinga under innspelinga. Eno og Schmidt utvida etter kvart korta til over 100 forskjellige «dilemma», som vart nytta på nesten alle hans framtidige innspelingar og produksjonar.

Kjernegruppa av musikarane på albumet bestod av Manzanera frå Roxy Music, Brian Turrington og Freddie Smith frå The Winkies, og tidlegare Soft Machine-vokalist Robert Wyatt.Derogatis, 2004. s.242 Fleire gjestemusikarar spelte på fleire av songane. Av desse finn ein Andy Mackay frå Roxy Music, og Portsmouth Sinfonia, eit orkester der Eno ein gong hadde spelt klarinett. Filosofien til orkesteret var at alle kunne vere med så lenge personen ikkje hadde erfaring med instrumentet personen spelte i orkesteret. Trommeslagar Phil Collins gjesta òg på albumet, etter at Eno hadde hjelpt til med produksjonen av Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway.Thompson, 2004. p.117

Utgjeving og mottaking Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet og det nådde ikkje lista i verken Storbritannia eller USA.Warwick, 2004. p.379 Som det førre albumet til Eno, Here Come the Warm Jets, fekk det generelt god kritikk. I 1975 vart Taking Tiger Mountain (By Strategy) stemnd fram som eit av dei beste albuma i 1974 i Village Voice sin Pazz & Jop-undersøking.

Innhald

Medverkande Brian Eno – vokal, elektronikk, slangegitar, tangentinstrument Phil Manzanera – gitar Brian Turrington – bassgitar Freddie Smith – Trommer Robert Wyatt – perkusjon, korvokal

Andre gjester Portsmouth Sinfonia – strykarar på «Put a Straw Under Baby» Randi and the Pyramids – kor på «The True Wheel» The Simplistics – kor på «Back in Judy's Jungle» og «Taking Tiger Mountain» Andy MacKay – blåsarar på «The Fat Lady of Limbourg» Phil Collins – ekstra trommer på «Mother Whale Eyeless» Polly Eltes – vokal på «Mother Whale Eyeless»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Taking Tiger Mountain (By Strategy)» frå , den 22. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Brian Eno-album Kategori:Glamrock-album