«Make Me Smile (Come Up and See Me)» er ein song skriven og innspelt av Steve Harley. Han vart opphavleg spelt inn av bandet hans Steve Harley & Cockney Rebel for albumet The Best Years of Our Lives og gjeven ut som singel i 1975. I eit fjernsynsintervju i 2002 fortalte Steve Harley at teksten var retta mot dei tidlegare bandmedlemmane, som han følte hadde forlate han.

Det er spelt inn meir enn 120 coverversjonar av songen, mellom anna av Duran Duran og Erasure.

Steve Harley & Cockney Rebel-versjonen «Make Me Smile (Come Up and See Me)» var den største hitten til Steve Harley & Cockney Rebel, og selde over ein million kopiar verda over. Han vart den einaste førsteplassen deira på lista i Storbritannia og Irland. i februar 1975

«Make Me Smile» vart gjeven ut tre gonger i Storbritannia. I 1992 nådde singelen 46. plass og i 1995 nådde han 33. plass etter å ha vorte nytta i ein reklame for Carlsberg. Ein remiks av songen nådde i juni 2005 55. plass.

Den akustiske gitarsoloen vart opphavleg spelt av Jim Cregan som oppvarming under lydsjekken og fanga på lydband. Han vart seinare nytta då ein skjønte at han gav songen noko ekstra. Andre som medverka på singelen var Marc Bolan på akustisk rytmegitar og Tina Charles på korvokal.

Songen er nytta i filmane The Full Monty (1997), Velvet Goldmine (1998), Best - The George Best Story (2000), Saving Grace (2000) og Blackball (2003). Han vart òg nytta i reklamar for Marks & Spencer i 2006 og ein populær reklame for Norsk Tipping i 2007.

Andre versjonar Duran Duran spelte ein konsertversjon av songen som vart gjeven ut som B-side til den store hitten deira «The Reflex» i 1984. Denne versjonen vart nytta i filmen Threesome (1994).

Erasure spelte inn «Make Me Smile (Come Up and See Me)» på coveralbumet deira Other People's Songs. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 14. plass på lista i Storbritannia.

Andre artistar som har spelt songen er Suzi Quatro, Nick Barker & the Reptiles (nådde Topp 30 i Australia i 1989), The Wedding Present (nådde 25. plass i Storbritannia i 1990) og Robbie Williams.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Make Me Smile (Come Up and See Me)» frå , den 26. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Top of the Pops-framføring av Steve Harley & Cockney Rebel

Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Erasure-songar Kategori:Duran Duran-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Suzi Quatro-songar