«Liza Jane» var den første innspelinga som vart gjeven ut som singel av David Bowie, men då under namnet Davie Jones with the King Bees. Dette skjedde i 1964 då Bowie berre var 17 år gammal. B-sida til singelen var Paul Revere and the Raiders-songen «Louie, Louie Go Home». Begge songane på singelen vart spelte inn i løpet av sju timar i Decca Studios i Broadhurst Gardens i West Hampstead.Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn. p.130. ISBN 1905287151.
Bowie kom i kontakt med Leslie Conn, som dreiv musikkdistribusjonsselskapet til Doris Day og som var talentspeidar for Dick James Organisation.Willey, Brian (16 mars 2009). "Les Conn: Pop manager and promoter who handled the early careers of David Bowie and Marc Bolan". The Independent. Henta 27. april 2011 Conn hyrte inn The King Bees for å spele på ein bryllaupsfest, men med høglydt RnB på setlista, stoppa Conn konserten etter berre 10 minuttar. Conn vart likevel manager for The King Bees nokre månader i 1964, og dei spelte inn og gav ut «Liza Jane» som singel for Decca Records-etiketten Vokalion Pop. Trass i at singelen vart spelt på fjernsynsshowa Juke Box Jury, Ready Steady Go! og The Beat Room,Thompson, Dave (2006). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. ECW Press. s.304. ISBN 1550227335Buckley, David (2007). Strange Fascination: David Bowie: The Definitive Story. Virgin Books. s.23. ISBN 9780753510025 og vart ein god del spelt på radio, selde singelen dårleg og bandet vart etter kvart droppa frå etiketten.
Songen var eit arrangement av den gamle standardlåten «Li'l Liza Jane», men Conn vart tilskriven som låtskrivar, som var vanleg på denne tida for å få høgare honorar for singelen. Conn fortalte i 1997 om korleis the King Bees hadde kome opp med ein 6-taktsblues, som alle nytta på denne tida. Conn nytta eit par av sine eigne idear på songen, dei improviserte og songen kom saman som han vart.
Etter at Conn og Bowie gjekk kvar sin veg i 1964 reiste Conn til Mallorca nokre år, og ein dag fekk han ein telefon frå mora som ønskte å kvitte seg med nokre hundre eksemplar av «Liza Jane» som låg i garasjen hennar. Dei vart samde om å kaste dei.
Medverkande Musikarar: David Jones: Vokal, saksofon George Underwood: Gitar Roger Black: Gitar Francis Howard: Bass Robert Allen: Trommer
Konsertversjonar
Ein dag etter 40-årsjubileet for utgjevinga, spelte Bowie første verset og refrenget av «Liza Jane» på PNC Bank Arts Center i New Jersey i USA, 6. juni 2004.Waddell, Ray (24 juli 2004). "Backstage Report: David Bowie". Billboard. Henta 27. april 2011. Bowie omtalte då songen som «heilt forferdeleg» og «uuthaldeleg».
Andre utgjevingar
Singelen vart gjeven ut att på ny av Decca i Storbritannia i november 1978. Ein acetat-versjon med ein noko lengre uttoning finst òg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Liza Jane (David Bowie song)» frå , den 27. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Debutsinglar frå 1964