Ein fleirartsflokk,Nemning frå Svensson et al (1999) blanda flokkNemning, alternativt frå Hume (2002) eller uformelt ei fuglebølgje, er ein fugleflokk av ulike artar, som samlar seg og flyttar saman frå stad til stad medan dei beiter.Graves & Gotelli (1993) Dei er vanlegvis insektetande fuglar. Dette fenomenet er ulikt frå samlingar av fleire fugleartar i eit avgrensa område med lokal høg næringstilgang.
Skildring
Ein fleirartsflokk har typisk kjerneartar som synest å vere sentrale i danninga og i rørsler, medan dei som følgjer kjernen blir kalla deltakarar. Deltakarar har ein tendens til å slutte seg til fleirartsflokken berre når flokken kjem inn på territoriet deira.Faaborg, John (1988) Ornithology: an ecological approach. Prentice Hall. pp. 219–221
Det er ikkje godt kjent korleis slike flokkar kjem i gang. Men på Sri Lanka til dømes, kan imitering av læte frå dragedrongo ha ei sentral rolle i initiering av fleirartsflokkar,Goodale & Kotagama (2006) i delar av tropisk Amerika kan støyande og beitande gyllenkroneparulaer spele den same rolla.Machado (1999) I tropiske skogar, kan fuglar som plukkar føde frå bladverket vere dei mest talrike artane i fleirartsflokkar.Thiollay (1999)
Ein typisk neotropisk fleirartsflokk rører seg gjennom skogen på ca. 300 meter i timen, der ulike artar beitar i sine føretrekte nisjar, på bakken, på trestammar, i høgt eller lågt lauvverk, osb. Nokre artar følgjer flokken heile dagen, medan andre, som spydknottsmett,Mead (2003) berre er med så lenge flokken kryssar territoriet hans.Rice & Hutson (2003)
Føremonar
Fleire evolusjonære mekanismar er foreslått for å forklare danninga av fleirartsflokkar. Desse er vanlegvis skildra i tilhøve til kostnader og fordeler for einskildindivid. Dei viktigaste føremonane som det har vore framlegg om er ein reduksjon i risiko for predasjon gjennom auka aktsemd, det vil seie fleire auge kan oppdage predatorar og gje ein alarm og dermed auka beiteeffektivitet.
Fleirartsflokkar i Holarktis
I den nordre tempererte sona, er slike flokkar vanlegvis leidd av meiser, Paridae,Ehrlich et al. (1988) ofte saman med spettmeiser, Sittidae,Matthysen & Löhrl (2003) trekryparar, Certhiidae, hakkespettar, Picidae, slik som dunspett i Nord-Amerika og dvergspett i den palearktiske regionen,Blume & Winkler (2003) fuglekongar, Regulidae, og i Nord-Amerika parulaer, ParulidaeBackhouse (2005) - alle insektetande fuglar. Dette fenomenet er spesielt utbreidd utanfor hekkesesongen.
Av fuglar i Noreg er det vanleg at meiser dannar fleirartsflokkar, «meiseflokkar», etter hekkesesongen, og gjerne saman med andre artar av sporvefuglar.Store norske leksikon på nett
Kjelder Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Mixed-species foraging flock» frå , den 29. april 2011 Nokre av referansane som artikkelen gav:
Backhouse, Francis (2005): Chapter 7: Relationships with Other Species. In: Woodpeckers of North America. Firefly Books. ISBN 1-55407-046-5 HTML excerpt Blume, Dieter & Winkler, Hans (2003): Woodpeckers. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Goodale, Eben & Kotagama, Sarath W. (2006): Vocal mimicry by a passerine bird attracts other species involved in mixed-species flocks. Animal Behaviour 72(2): 471–477. PDF fulltext Graves, Gary R. & Gotelli, N.J. (1993) Assembly of avian mixed-species flocks in Amazonia. PNAS 90(4): 1388–1391. PDF fulltext Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David S. & Wheye, Darryl (1988): Mixed-Species Flocking. Retrieved 2006-FEB-24. Machado, C.G. (1999): A composição dos bandos mistos de aves na Mata Atlântica da Serra de Paranapiacaba, no sudeste brasileiro [Mixed flocks of birds in Atlantic Rain Forest in Serra de Paranapiacaba, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Biologia 59(1): 75–85 [Portuguese with English abstract]. PDF fulltext Matthysen, Erik & Löhrl, Hans (2003): Nuthatches. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Mead, Christopher J. (2003): Gnatcatchers. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Nuytemans, H. (1998): Notes on Philippine birds: interesting records from northern Luzon and Batan Island. Forktail 14: 39–42. PDF fulltext Olson, Storrs L. & Alvarenga, Herculano M.F. (2006): An extraordinary feeding assemblage of birds at a termite swarm in the Serra da Mantiqueira, São Paulo, Brazil. Revista Brasileira de Ornitologia 14(3): 297–299 [English with Portuguese abstract]. PDF fulltext Ragusa-Netto, J. (2000): Raptors and "campo-cerrado" bird mixed flock led by Cypsnagra hirundinacea (Emberizidae: Thraupinae). Revista Brasileira de Biologia 60(3): 461–467 [English with Portuguese abstract. PDF fulltext Rice, Nathan H. & Hutson, A.M. (2003): Antbirds. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Thiollay, J.-M. (1999): Frequency of mixed species flocking in tropical forest birds and correlates of predation risk: An intertropical comparison. J. Avian Biol. 30(3): 271–281. HTML abstract and first page text
Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7. Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.
Referansar
Kategori:Fuglar Kategori:Fugleåtferd