«Moonage Daydream» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og først gjeven ut som singel med bandet Arnold Corns. Ein nyinnspelt versjon kom i 1972 ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Songen fortel om eit messiasliknande romvesen og hintar om at lagnaden hans er å redde verda frå katastrofen i «Five Years», samt lagnaden som den ultimate «soul lover». I forhold til handlinga på albumet er dette ein av dei viktigaste songane som skildrar skapinga av Ziggy frå ein kombinasjon av religion, romanse, seksuell fridom, opprør og lidenskap. Han vert omvandla til den arketypiske rockestjerna.
Moonage Daydream: The Life and Times of Ziggy Stardust er tittelen på ei bok skriven av David Bowie, publisert i 2002 av Genesis Publications og kalla opp etter denne songen. Boka dokumenterer åra 1972-73 og var illustrert med bilete av Mick Rock. Bowie og Rock møttest i 1972 og starta å samarbeide og vart vener. Mick Rock vart slik den einaste autoriserte fotografen som fekk dekke den toårige karrieren til Ziggy Stardust.
Komposisjon
Songen opnar med to power-akkordar (først D, så Fiss) og to tekstlinjer av Bowie, med stillheit mellom kvar akkord og sungen linje. Den første soloen er ein duett mellom ei lita fløyte og ein barytonsaksofon. For gitarsoloen teikna Bowie ein graf over korleis han ønskte at gitarsoloen til Ronson skulle høyrast ut. Han starta med ei flat linje, og voks til å danne «ei feit megafon-aktig form og enda med eit virvar av linjer». Bowie fortalte seinare at Ronson såg på grafen, gjekk ut ein stad (han skreiv ofte arrangementa sine på badet) og kom attende og spelte soloen nøyaktig slik Bowie hadde ønskt.
Arnold Corns-versjonen
Arnold Corns-versjonen av «Moonage Daydream» vart spelt inn 25. februar 1971Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.206-207. Songen vart gjeven ut av B&C som singel i Storbritannia den 7. mai 1971 med «Hang on to Yourself» som B-side.
Den offisielle besetninga i bandet, som var fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti. Dette var berre fabrikkert. Buretti var på innspelinga, men bidraget hans forsvann ved sidan av Bowie.
Denne versjonen vart òg gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990 med ein alterantive tekst («Come on strong girl, and lay your heavy trip on me, the church of mad love is such a holy place to be...»). Versjonen var òg utgjeven på Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002.
Medverkande
Arnold Corns-versjonen Produsent: David Bowie Musikarar: David Bowie: Vokal Freddi Buretti: Vokal Mark Carr Pritchard: Gitar Mick Ronson: Gitar Trevor Bolder: Bassgitar Mick «Woody» Woodmansey: Trommer
Ziggy Stardust-versjonen Produsent: Ken Scott Musikar: David Bowie: vokal, akustisk gitar, saksofon, strykar- og fløytearrangement Mick Ronson: elektrisk gitar, piano Trevor Bolder: bassgitar, trompet Mick «Woody» Woodmansey: trommer
Konsertversjonar Bowie spelte inn songen BBC-radioprogrammet «Sounds of the 70s: John Peel» den 16. mai 1972, og dette vart sendt 23. mai 1972. I 2000 vart denne versjonen gjeven ut på Bowie at the Beeb. Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium, 20 oktober 1972, vart gjeven ut på Santa Monica '72. Versjonen frå den kjende konserten i Hammersmith Odeon, London, 3. juli 1973 vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture. Ei innspeling frå turneen i 1974 kom ut på David Live. Eit anna konsertopptak frå 1974 finst på det sjeldne konsertalbumet A Portrait in Flesh. Bowie spelte igjen songen på Outside-turneen i 1995 og eit nytt konsertopptak vart gjeven ut på singelen «Hallo Spaceboy» i 1996. Denne versjonen vart gjeven ut på bonusplaga som følgde somme versjonar av Outside - Version 2. Ei sampling frå dette konsertopptaket vart sidan nytta av Bowie i songen «Telling Lies» på Earthling i 1997.
Andre utgjevingar Den nederlandske Philips-singelen frå 1971 (gjeven ut som «Moonage Dream») startar med nokon (truleg lydteknikaren) som seier «Whenever you're ready....» Songen vart gjeven ut som B-side av singelen «Space Oddity» i desember 1972. Songen finst òg på samlingane The Best of David Bowie (Japan 1974), Starman (Russland 1989), Sound + Vision-boksen (1989), Best of Bowie (US/Canada 2002) og Nothing Has Changed (2-CD/3-CD 2014). Ein ny miks av songen vart gjeven ut på bonusplata til Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue.
I populærkulturen Songen finst som nedlastbart innhald i videospelet Rock Band. Songen er nytta i filmen School of Rock frå 2003. Songen er nytta i filmen Little White Lies Songen er nytta i filmen Sonny, i 2002, debuten til Nicolas Cage som regissør. Eit riff som liknar på opningsriffet i songen er nytta av Green Day på hitsingelen «Jesus of Suburbia» i 2005. Songen er nytta i filmen Guardians of the Galaxy i 2014.
Andre versjonar Crowded House - live i 2010 The Chameleons - på albumet This Never Ending Now Cienfuegos - Cienfuegos Dennis Dunaway Project - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) Fingersaucefourwalledworld.com- singel (2006) Eyfo Hayeled - konsertopptak J. Hell - Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996) Wendy Ip - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003) Sass Jordan - konsertopptak The Killers- konsertopptak (2005, Jones Beach) LA Guns - Rips the Covers Off (2004) Low Vs. Diamond - The Saturday Sessions (2007) Ann Magnuson - Single Mars Needs Women - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) Danny Michel - Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004) Timothy Moldrey - The Dark Side Of David Bowie: A Tribute To David Bowie (1997) Of Montreal - konsertar.http://www.covermesongs.com/2010/08/consequence-of-sound-presents-best-fest-covers.html Portugal. The Man - konsertopptak 2009/2010 Racer X - Second Heat og Vol. 2 - Live Extreme (1986) Mick Ronson - konsert Patti Rothberg - Candelabra Cadabra (2001) Mike Scott - King Elektrisk CD Single Sexy Sadie - Odd tracks out! (2000) Shades of Red - Demo CD/Cassette The Smashing Pumpkins - Spelt inn for eit hyllestalbum som aldri kom uti 1993/1994 The Spiders from Mars - The Mick Ronson Memorial Concert (2001). Matthew Sweet - konsert Techno Cowboy - The Ziggy Stardust Omnichord Album (2009) 10,000 Maniacs - Singel Terrorvision - Long Live Tibet (various artists) (1997) Warrior Soul - (Love Is) The Drug singel (1995) The White Stripes - konsert Rozz Williams - konsert Zen Guerrilla - Trance States In Tongues (1999) Eifo HaYeled - På samleplata Somebody hears me (1998) Brazzaville - Jetlag Poetry Doofus - Music Is Murder EP (2011) He's My Brother She's My Sister - He's My Brother She's My Sister EP (2010)http://hesmybrothershesmysister.bandcamp.com/album/hes-my-brother-shes-my-sister-ep Jambi's Revenge - Origins (2010)http://noisetrade.com/jambisrevenge Ty Segall - SiriusXMU Sessions Sweet Water - live i 2009, 2012 og 2013 The Ukulele Orchestra of Great Britain - Uke-Werk - live (2013)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Moonage Daydream» frå , den 30. april 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie