«The Bewlay Brothers» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Det var ein av dei siste songane som vart skrivne og spelt inn for Hunky Dory.

Bowie kalla distribusjonsselskapet sitt seint i 1970-åra for Bewlay Bros. Music og nytta namnet som eit psevdonym for seg sjølv, Iggy Pop og Colin Thurston som produsentar for Iggy-albumet Lust for Life i 1977.

Songen vart spelt live første gong på BBC Radio 2 i 2002.

Komposisjon

Bowie skreiv og spelte inn songen etter at resten av bandet hadde gått heim frå studio for kvelden. I tillegg vart det lagt til nokre fleire lydspor seinare.

Denne balladen har vorte skildra som «truleg den tettaste og mest ugjennomtrengelege songen til Bowie».Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.41 Låtskrivaren sjølv fortalte visstnok produsenten Ken Scott at songen var meint for den amerikanske marknaden, fordi «amerikanarane alltid likar å legge for mykje inn i ting», sjølv om «teksten ikkje gav noko meining i det heile».David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.114-115 Bowie var først avvisande til songen og skildra han som «Star Trek i skinnjakke», og meinte at hans eigen tekst var uforståeleg.

Somme biografar har sett referansar i songen til halvbroren til Bowie, Terry, som var schizofren, medan andre, som Tom Robinson, har skjelna ein «homofil agenda».Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.37 Bowie snakka om songen i 2008: «Eg veit ikkje korleis eg skulle ha tolka teksten anna enn å foreslå at det er lag av spøkjelse i han. Han er ein palimpsest, då.»David Bowie (2008). "DAVID BOWIE: I went to buy some shoes - and I came back with Life On Mars", The Daily Mail, 28 juni 2008. Henta 2. mai 2011.

«Bewlay Brothers» byrjar melankolsk med akustisk gitar og forvrengd piano, og dette varer gjennom tre lange vers på 14 taktar kvar, og tener òg som refreng. Ein liknande struktur finn ein òg i tidlegare songar som «Cygnet Committee». Versa er skilde av ein fire taktar lang gitarpause. Songen vert avslutta med eit kor av forvrengd stemmer med varispeeding; NME -kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray samanlikna effekten med «Laughing Gnome», men på «ein langt meir skummel måte».

Andre utgjevingar

Songen finst på Sound and Vision i 1989. Ein alternativ miks vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990. Songen vart gjeven ut på samlealbumet ISELECT i 2008, der Bowie sjølv valde ut songane.

Medverkande David Bowie – vokal, akustisk gitar, piano Mick Ronson – elektrisk og akustisk gitarar, korvokal Trevor Bolder – bassgitar Mick Woodmansey – trommer

Andre versjonar

Replicants på Replicants (1995). John Howard på The Bewlay Brothers EP (Kid in a Big World, 2007) Rhett Miller på The Interpreter: Live At Largo EP (Maximum Sunshine Records, 2011) AE Bridger MMR Studio (McGill, 2016)https://soundcloud.com/aebridger/ae-bridger-the-bewlay-brothers

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Bewlay Brothers» frå , den 1. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie