«Aladdin Sane (1913-1938-197?)» er ein song av David Bowie og tittelsporet frå albumet Aladdin Sane frå 1973. Han er skildra av biografiforfattaren David Buckley som den viktigaste på albumet der Bowie flytta seg mot meir eksperimentelle musikkstilar etter suksessen med glamrocken han spelte på gjennombrotet sitt The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.186-187
Tittelen Namnet er eit ordspel på «A Lad Insane» («ein galen mann»), og var inspirert av halvbroren til Bowie, Terry, som var schizofren.Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie (4th ed.). London: Reynolds & Hearn Ltd. pp. 286. ISBN 1-905287-15-1.Pegg, 2006, pp.19 and 286.Seventies' Greatest Album Covers: Aladdin Sane. Retrieved on July 2, 2011. Ein tidlegare variant av namnet var «Love Aladdin Vein», som Bowie delvis droppa sidan det kunne assosierast med narkotika. Datoane i parentes viser til åra før den første verdskrigen og den andre verdskrigen, med ein tredje ukjend dato som indikerer den tredje verdskrigen ein eller annan gong i 1970-åra.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.20-21
Tittelen har vorte skriven på mange forskjellige måtar på dei forskjellige utgåvene av albumet sidan 1973. På den originale vinylutgåva stod det «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» etterfølgd av RHMS «Ellinis», namnet på skipet der songen vart skriven. Bowie skreiv bak alle songane på albumet kvar dei var skrivne. I avslutninga på songen kan ein høyre utdrag frå songen «On Broadway», og på samlealbumet Changestwobowie (1981) står songen oppført som «Aladdin Sane (1913-1938-197?)/On Broadway», delvis tilskriven til Mann, Weil, Leiber og Stoller. På Rykodisc-utgåva frå 1990 på CD stod det berre «Aladdin Sane», medan seinare CD-utgåver av albumet frå 1919, 2003 og 2013 har hatt tittelen «Aladdin Sane (1913-1938-197?)».
Musikk og tekst Bowie var redd for å fly så han tok båt heim til Storbritannia etter den første delen av den amerikanske Ziggy Stardust-turneen i midten av desember 1972. Han skreiv «Aladdin Sane» under denne båtreisa han segla attende til Storbritannia . Temaet var inspirert av ei bok han las, Evelyn Waugh sin Vile Bodies (seinare filma som Bright Young Things, eit uttrykk som kjem fram i teksten.). Bowie såg i soga til Waugh «overflatisk, dekadent og toskete» oppførsel før ein «føreståande katastrofe», ei samanlikning med samfunnet i 1970-åra, særleg i Amerika. På Bridge School Benefit X i 1996, spelte Bowie songen akustisk og fortalte at songen var «om unge folk, like før to krigar, som ønskte å ha seg med jenter og drepe utlendingar».David Bowie - Bridge School Benefit 19. oktober 1996
Songen inneheld ein lovprisa pianosolo av Mike Garson,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54 ein amerikansk pianist som nyleg hadde kome inn i bandet til Bowie. Bowie avslo høfleg dei to første soloane til Garson, ein i bluesstil og ein annan i latinsk stil, og bad pianisten om noko meir liknande «avantgarde jazz-miljøet frå 60-åra». Garson svarte med framføringa ein høyrer på albumet, improvisert og spelt inn på eitt forsøk. I 1999 sa han:David Buckley (1999). Op Cit: s.171
Garson fortalte korleis Bowie guida han i å lage soloen slik at han vart:2008 Interview with Mike Garson
Soloen til Garson verkar i starten tilfeldig og kaotisk, men har ein struktur og flyttar seg frå dissonans og uro til beroligande minner, og bryt så sunt att før han går attende til songen. Den første delen (2:04 til 2:21) opnar med Garson som spelar eit disharmonisk mønster på fire notar, som splintrar stykket. Det andre (2:22 til 2:40) er hovudsakleg lange, maniske løp over tangentane. Den tredje (2:41 til 2:57) er ei liste av sitat—«Rhapsody In Blue» og «Tequila» og kanskje andre (som «On Broadway», som Bowie syng ein del av i slutten av songen). Den fjerde (2:58 til 3:15) er tre taktar med hamrande akkordar og sluttar med at saksofonen kjem inn att. Den femte (3:16 til 3:33) kjem ned att op jorda, då Garson byrjar å spele basslinja midtvegs gjennom.
Meldinga i Rolling Stone då albumet kom ut skildra musikken som «drivhus-orientalisme, skjerande, dissonant og vågal, men likevel lengtande og tilbakesjåande». I 1981 skreiv NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at dei rekna songen som «eit av Bowie sine tidlege 'europeiske' stykke», og samanlikna pianospelinga til Garson med Cecil Taylor. Då 30th Anniversary Edition av Aladdin Sane kom ut i 2003, knytte Sydney Morning Herald-kritikaren Bernard Zuel songen til dei seinare verka til Bowie, særleg «Berlintriologien». Biografen David Buckley har sagt at då «Aladdin Sane» kom ut var det «den tydlegaste indikatoren på korleis Bowie prøvde å frigjere seg sjølv frå rockeavgrensingane».
«Zion» Ein song som no ofte vert kalla «Zion» har dukka opp på mange piratkopiplater med titlane «Aladdin Vein», «Love Aladdin Vein», «A Lad in Vein»,Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.249-250 og «A Lad in Vain». Med delar av «Aladdin Sane» og det som seinare vart «Sweet Thing (Reprise)» på Diamond Dogs, meiner ein at denne instrumentalen vart spelt inn under Aladdin Sane-innspelinga i Trident Studios tidleg i 1973. Eit nyare estimat har derimot plassert han ved sidan av innspelinga av Pin Ups seinare det året. Slik set er songen kanskje meir ein Diamond Dogs Demo enn eit unytta opptak frå innspelinga av Aladdin Sane.
Medverkande David Bowie: vokal, akustisk gitar Mike Garson: piano David Sanborn: tenorsaksofon Mick Ronson: elektrisk gitar Trevor Bolder: bassgitar Mick Woodmansey: trommer
Konsertversjonar «Aladdin Sane» vart framført på konsert første gong i februar 1973, før albumet kom ut, og ofte spelt på konsertar seinare på Ziggy Stardust-turneen og igjen på Diamond Dogs-turneen i 1974. Eit opptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live (1974), og det same opptaket kom òg ut på Rock Concert. Ein annan konsertversjon frå den same turneen vart gjeven ut på A Portrait in Flesh. Bowie drog fram songen igjen i 1996, igjen med Garson på piano. Han spelte òg inn ein akustisk versjon med vokal av bassist Gail Ann Dorsey for BBC-innspelinga ChangesNowBowie den 8. januar 1997.
Andre utgjevingar Den originale songen har sidan vorte gjeven ut på fleire samleplater: The Best of David Bowie (Japan 1974) Chameleon (Australia/New Zealand 1979) Changestwobowie (1981) The Best of 1969/1974 (1997)
Andre versjonar Toni Basil – Live at the Roxy Emergency Broadcast Network – Sampla for «Homicidal Schizophrenic (A Lad Insane)» på Telecommunication Breakdown (1996) Whorgasm – Smothered
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aladdin Sane (song)» frå , den 3. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie