«Young Americans» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i 1975 på albumet med same namn. Songen vart gjennombrotet hans i USA, der den tidlegare glamrocken hans berre hadde avgrensa popularitet utafor dei større byane. Songen nådde 28. plassen på Billboard Hot 100, og det var den nest største suksessen hans i USA fram til då. I heimlandet nådde songen 18. plassen på UK Singles Chart.
Bowie slutta å spele songen på konsertane sine etter Sound+Vision-turneen i 1990. «Young Americans» har sidan vore med på mange samlealbum, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).
Historie «Young Americans» var det første resultatet i studio etter at Bowie vart fiksert på soul på midten av 1970-talet, og singelen vart gjennombrotet hans som artist i USA, der singelen vart redigert ned til ei lengd på like over tre minutt. Stilen, ofte seinare kalla «plastikksoul» av Bowie sjølv, var blanda med ein kynisk tekst med referansar til Mccarthyisme, svart undertrykking via Rosa Parks, Richard Nixon (som hadde trekt seg som amerikansk president to dagar før innspelinga starta), samt ei tekstlinje frå The Beatles sin «A Day in the Life», «I heard the news today oh boy!». John Lennon, som skreiv tekstlinja, var med på to andre songar på albumet, og song korvokal og gitar på sin eigen «Across The Universe» og på «Fame», som han var med å skreiv. I falsett spør Bowie: «Ain't there one damn song that can make me... break down and cry?». Arrangementet for korvokalen vart foreslått av Luther Vandross.
Produksjonsteamet The Matrix sa: Amerika er litt som ein tenåring: full av energi og fantasi, går stundom over grensa, men alltid med ei stor kjensle av mogelegheitene. Bowie fanga mykje av det i 'Young Americans'.»
Utgjeving og mottaking Etter å ha prøvd seg i nesten eitt tiår, vart songen den første topp 40-hitten hans i Amerika på Billboard Hot 100-lista. Men han nådde berre 18. plassen på UK Singles Chart. Dave Thompson i AllMusic kalla songen «eit stort stilbrot. Ut forsvann glam- og hardrocken frå dei seinare innspelingane hans, og inn kom 'plastikksoul'-stilen som endeleg vart gjennombrotet til songaren i Amerika.»
Etter at Bowie døydde i 2016, tok Rolling Stone songen med på ei liste over 30 essensielle Bowie-songar. I 2018 rangerte skribentar i NME songen på fjerdeplassen på ei liste over dei 41 beste Bowie-songane.
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 481. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På ei oppdatert liste i 2010 var songen flytta ned til 486. plassen. I 2016 rangerte Pitchfork songen på 44. plassen på si liste over dei 200 beste songane i 1970-åra.
Innhald Alle songar av David Bowie, utanom der andre er nemnde. Britisk utgåve «Young Americans» – 5:10 «Suffragette City» (Live) – 3:45
Amerikansk utgåve «Young Americans» (singelversjon) – 3:16 «Knock on Wood» (Live) (Eddie Floyd, Steve Cropper) – 3:03
Salslister Liste (1975–2016)PlasseringAustralsk singelliste27Frankrike (IFOP)51US Cash Box20
Medverkande (berre «Young Americans» utanom Bowie og Garson) David Bowie – vokal, gitar Carlos Alomar – gitar Willie Weeks – bass Mike Garson – piano Andy Newmark – trommer David Sanborn – saksofon Larry Washington – conga Ava Cherry – korvokal Robin Clark – korvokal Luther Vandross – korvokal
Andre medverkande
Earl Slick – gitar på «Knock on Wood» Herbie Flowers – bass på «Knock on Wood» Tony Newman – trommer på «Knock on Wood» Mike Garson – piano på «Knock on Wood»
Konsertversjonar Eit konsertopptak av «Young Americans», spelt inn i oktober 1974 på den tredje delen av Diamond Dogs-turneen, kom ut i 2020 på I'm Only Dancing (The Soul Tour 74). Eit direkteopptak i studio av songen, filma 2. november 1974, finst på DVD-samlinga The Dick Cavett Show: Rock Icons og Best of Bowie. Eit konsertopptak frå Serious Moonlight-turneen, filma 12. september 1983, var med på konsert-DVD-en Serious Moonlight (1984) og på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988) frå 2018 og kom ut separat året etter. Songen vart framført under Glass Spider-turneen i 1987 og vart gjeve ut på Glass Spider (1988/2007). «Young Americans» vart framført på Sound+Vision-turneen i 1990, og etter dette spelte aldri Bowie denne songen igjen.
Andre utgjevingar
Songen finst på fleire samlealbum:
ChangesOneBowie (1976) Best of Bowie (1980) Fame and Fashion (1984) Sound and Vision (1989) Changesbowie (1990) Bowie: The Singles 1969-1993 (1993) The Singles Collection (1993) Den amerikanske singelversjonen finst på The Best of 1974/1979, Rare, og den amerikansk/canadiske utgåva av Best of Bowie.
Songen vart gjeven ut som biletdisk på RCA Life Time-biletdisksamling. Han er på lydsporet til 20 Feet From Stardom.
I andre media Songen vert spelt over rullteksten til Dogville og Manderlay, dei første to filmane i Lars Von Trier-triologien USA - Land of Opportunities. «Young Americans» var òg med på filmmusikken til John Hughes-filmen Sixteen Candles.
Songen vart nytta i filmane Lord Of War og Down to You.
Han vart nytta i traileren til Ben Stiller-filmen Reality Bites for å vise korleis Generation X har blitt påverka av tidlegare amerikansk historie. Songen vart òg nytta i filmen Jack Reacher med Tom Cruise.
I den britiske dramaserien The Enfield Haunting frå 2015 vart songen nytta under finalen og rullesteksten i den siste episoden.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Young Americans (song)» frå , den 6. mai 2011 og 31. juli 2021 oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Britiske soulsongar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar om USA Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand 486 Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Blue-eyed soul-songar