«Stay» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie i 1975 for albumet Station to Station, gjeve ut i januar året etter. Han var basert på eit funkygitarriff som dominerte songen og som vart skriven av gitaristen Earl Slick under innspelinga for albumet. I juli 1976 vart han gjeven ut som singel av RCA i USA. B-sida til singelen var «Word on a Wing».
Verset og refrengstrukturen kan sporast attende til «John, I'm Only Dancing (Again)», ein song spelt inn for Young Americans, men først gjeven ut (som singel) i 1979.
Innhald Alle songar skriven av David Bowie. «Stay» – 3:21 «Word on a Wing» – 3:10
Produksjon Produsent: Harry Maslin David Bowie Musikarar: David Bowie – solovokal, Minimoog, Mellotron Warren Peace – perkusjon, korvokal Earl Slick – elektrisk gitar Carlos Alomar – elektrisk gitar George Murray – bass Dennis Davis – trommer
Konsertversjonar Eit konsertopptak frå Isolar-turneen i Nassau Coliseum på Long Island den 23. mars 1976 vart først gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Station to Station frå 1991. Den same framføringa er med på albumet Live Nassau Coliseum '76, som vart gjeven ut som ein del av 2010-utgåva av Station to Station, i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016 og som eit eige album i 2017. Isolar II-turneen kom ut i 2005 og 2017 på dei utvida utgåvene av konsertalbumet Stage. Eit opptak frå sommaren 1978 frå same turné kom ut på konsertalbumet Welcome to the Blackout i 2018. Framføringa til Bowie den 25. juni 2000 av songen på Glastonbury-festivalen kom ut i 2018 på Glastonbury 2000. Ei innspeling frå BBC Radio Theatre, London, 27. juni 2000 vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første versjonane av Bowie at the Beeb.
Andre utgjevingar Songen vart òg gjeven ut som B-side til «Suffragette City» i juli 1976. Singelversjonen finst òg på Christiane F.-soundtracket. Han er òg på Re:Call 2, ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) (2016). Ein nyinnspelt versjon av songen frå 1997 kom ut tidleg i 2020 som ein del av EP-en Is It Any Wonder?.
Andre versjonar Ava Cherry - Singel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stay (David Bowie song)» frå , den 9. august 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Funkrocksongar