Sean Mayes () var ein britisk pianist og forfattar.

Han var fødd i Somerset, og gjekk på skule i Bristol. Han vann ein plass på Trinity College i Cambridge, der han fekk ein grad i filosofi.

Mayes spelt i rockebandet Fumble, som varma opp for David Bowie på Ziggy Stardust-turneen i 1972. Han spelte på tre album med Fumble, og var ein del av den originale besetninga av Elvis! på Astoria Theatre.

I 1978 vart Mayes med Bowie for Isolar II-turneen, og spelte på Stage og Lodger, som kom i 1979. I 1983 vart han med Tom Robinson for «War Baby» og andre albumspor.

Mayes døydde i London i 1995. Han skreiv boka Life on Tour with David Bowie: We Can Be Heroes, som vart gjeven ut i 1999, fire år etter han døydde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sean Mayes» frå , den 9. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Fumble Band members: Sean Mayes

Kategori:Engelske pianistar Kategori:Folk frå Somerset