Gérard Chenet () er ein haitisk forfattar.
Chenet flytta i 1955 til Canada, før han tre år seinare drog til Nantes i Frankrike for å studere statsvitskap. Då Charles de Gaulle kom til makta, flytta Chenet til Fransk Guyana, der han vart verande i fire år. Han flytta så til Senegal, der han fekk jobb som rådgjevar i Kunnskapsdepartementet. Denne stillinga hadde han i 25 år før han trekte seg tilbake. Han er no busett i den vesle landsbyen Toubab Dielaw, 55 km frå Dakar.
Bibliografi i utval El Hadj Omar: chronique de la guerre sainte (teaterstykke – 1968, Paris: L’Harmattan, 2009) Les fiancailles tragiques (teaterstykke – oppført i Guinea og på Théâtre Daniel Sorano i Dakar, men ikkje utgjeve) Zombi nèg (teaterstykke – ikkje utgjeve) Sécheresse (teaterstykke – oppført på Théâtre Noir i Paris under tittelen Image de sécheresse i juni 1985, men ikkje utgjeve) Poèmes du village de Toubab Dyalaw (diktsamling – Dakar: Nouvelles Éditions Africaines, 1974). Transes vaudou d’Haïti pour Amélie chérie (roman – Paris: L’Harmattan, 2009)
Kjelder «Gérard Chenet» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 10. mai 2011. «Gérard Chenet» på Île en île-prosjektet hjå Lehman College, innhenta 10. mai 2011.
Kategori:Haitiske forfattarar