Ouest (haitisk Lwès) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg sentralt i landet, og grensar til Artibonite og Centre i nord, Den dominikanske republikken i aust, Sud-Est i sør og Nippes i sørvest. Ouest er elles det folkerikaste departementet i Haiti. Hovudstaden er Port-au-Prince, som også er hovudstad for heile landet.
Gonâvebukta utgjer kystlinja til departementet. Den store Gonâveøya som ligg i denne bukta, er også ein del av Ouest.
Administrativ inndeling Departementet Ouest er delt inn i 5 arrondissement og 20 kommunar: Arrondissement d’Arcahaie Arcahaie Cabaret Arrondissement de Croix-des-Bouquets Croix-des-Bouquets Ganthier Thomazeau Cornillon Fonds-Verrettes Arrondissement de La Gonâve Anse-à-Galets Pointe-à-Raquette Arrondissement de Léogâne Léogâne Petit-Goâve Grand-Goâve Arrondissement de Port-au-Prince Port-au-Prince Carrefour Delmas Pétionville Kenscoff Cité Soleil Gressier Tabarre
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ouest (department)» frå , og «Ouest (département d'Haïti)» frå den 12. mai 2011.
«Population totale, population de 18 ans et plus menages et densites estimes en 2009» hjå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique, innhenta 12. mai 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Departement i Haiti