Vital Anatoljevitsj Rymasjewski () er ein belarusisk politikar og medleiar i partiet Det belarusiske kristendemokratiet (Bjelaruskaja khrystsijanskaja demakratyja). Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på sjuande plass med 1,1 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Rymasjewski vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Han vart sleppt laus mot kausjon 1. januar 2011, men tiltalen stod ved lag."Belarus urged to free prisoners of conscience held after post-election protest" frå Amnesty International, på engelsk Under rettssaka i mai 2011 la aktoratet ned påstand om to års betinga fengsel for rolla hans i demonstrasjonane."Прокурор предлагает не сажать экс-кандидатов в президенты Белоруссии Некляева и Рымашевского" frå Gazeta.ru, 17. mai 2011, på russisk Rymasjewski vart dømt til to års fengsel på vilkår. I 2012 oppmoda han til boikott av parlamentsvalet i Belarus. Han tok del i protestar mot valfusk ved parlamentsvalet i 2016 og vart bøtelagt for dette.

Fotnotar

Kategori:Belarusiske politikarar