Slaget ved Friedlingen vart utkjempa i 1702 mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket. Keisarstyrkane var leia av markgreve Ludvig Vilhelm av Baden-Baden, medan franskmennene var leia av Claude Louis Hector de Villars. Franskmennene gjekk av med sigeren.
Opptakt Franskmennene prøvde å auka makta si på austsida av elva Rhinen. Hausten 1702 fekk Villars ordre frå Ludvig XIV om å gå til åtak på Schwaben. Dei franske styrkane trengde å slå seg saman med sine allierte i Bayern og måte slå keisaren sine styrkar som stod mellom dei.
Slaget Franskmennene kryssa Rhinen ved Weil am Rhein, like nord for Basel den 14. oktober 1702. Villars gjekk til åtak på keisararmen ved Friedlingen.i dag ein forstad til Weil am Rhein Den framtidige feltmarskalken Ludvig Vilhelm sette armeen sin i skyttargraver og klarte å halde franskmennene unna ei tid. Han trekte seg så attende i god orden mot nord.
Etterverknad Det var ein pyrrhossiger for Villars. Franskmennene tapte 1703 mann som døydde og 2601 som vart skadde, medan keisararmen tapte 3000 mann, medan 742 vart skadde. Villars vart òg hindra frå å slå seg saman med bayerane.The Spanish Succession 1702
Landsbyane på austsida av Rhinen vart hardt råka, særleg Weil am Rhein.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Friedlingen» frå , den 21. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Villars skriv om slaget ved Friedlingen
Friedlingen Friedlingen Friedlingen Kategori:Konfliktar i 1702 Kategori:1702 i Tyskland