Elling Eriksson Wold () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sør-Aurdal i Oppland. Han representerte Venstre.
Wold var son til ein gardbrukar. Han tok sjølv over farsgarden i 1868 og dreiv han vidare til han skøytte han over på son sin. Wold var medlem av heradsstyret i Sør-Aurdal frå 1868 til -99, og på ny 1904-07. Ordførar var han periodane 1870-81, 1883-91, 1893-98 og 1904-07. Han var valmann frå 1869 til skipnaden vart avvikla etter stortingsvalet i 1903. Frå 1876 til -99 var han forlikskommissær, heldt fram i ombodet frå 1903. Kasserar i sparebank 1868-79 og styrar av Bagn spareforening 1876-82. Åra 1902-03 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.
Wold representerte Kristians amt på Stortinget frå 1892 til 1903 og Valdres krins perioden 1906-09. Han møtte første gongen på Stortinget den 12. mars 1888, som varamann og i staden for Walter Scott Dahl. På tinget fekk han sete i justiskomiteen. Som fast representant frå 1894 var han på alle stortinga medlem av budsjettkomiteen, sekretær 1898-1903 og 1906-09. Elles var han med i Lagtinget 1895-1903 og 1906-09, som sekretær dei to siste valbolkane. Også medlem av komiteen om manntalslova 1898-1900, av valkomiteen 1900-03 og 1908-09. I 1903 var han med i deputasjonen Stortinget sende til opninga av Ofotbanen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Sør-Aurdal