mini|Brandtzæg Canning, tidlegare hermetikkfabrikk i Abelvær. Abelvær er ei bygd i Nærøysund kommune i Trøndelag, på Store Kalvøy (0,48 km2) ved munningen av Foldfjorden. Staden hadde 195 innbyggjarar i 2001.

Staden er fiskevær og handelsstad. Her er det hermetikkfabrikk, slipp og mekanisk verkstad. Vegsamband med fastlandet går via fylkesveg 768.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Abelvaer.no

Kategori:Busetnader i Nærøysund Kategori:Bygder i Trøndelag Kategori:Fiskevær i Trøndelag Kategori:Handelsstader i Noreg