Omleiringa av Port Royal (5. til 13. oktober 1710), òg kjend som erobringa av Acadia, vart utført av britiske soldatar og provinsstyrkar under Francis Nicholson mot ein fransk garnison i Acadia kommandert av Daniel d'Auger de Subercase, i den acadiske hovudstaden Port Royal. Den vellukka britiske omleiringa markerte byrjinga på den permanente britiske kontrollen over halvøy-området av Acadia, som dei gav namnet Nova Scotia, og det var første gongen britane tok og klarte å halde på ein fransk koloni.I følgje historikaren John Grenier, hadde engelskmennene før 1710 berre raida, plyndra og okkupert franske koloniar i kortare periodar. Andre engelske territorium tok frå indianarane.(Grenier, s. 12) Etter at franskmennene overgav seg okkuperte britane fortet i hovudstaden og feire at dei hadde erobra ei av dei største festningane i Europa.Grenier, s. 15 Dei gav staden det nye namnet Annapolis Royal.

Omleiringa var det tredje forsøket til britane under Dronning Anne-krigen på å erobre den akadiske hovudstaden, og det fekk store følgjer for dei neste 50 åra. Erobringa var eit nøkkelelement i forhandlingane mellom Frankrike og Storbritannia i 1711-1713 om saker i Nord-Amerika. Det førte til at den nye kolonien Nova Scotia vart oppretta, og førte til stor uro om lagnaden til både akadiarane og mi'kmaq-folket, som framleis budde i Acadia.Reid et al, s. x

Erobringa av Acadia var eit særs viktig element i historia til dei kanadiske statane - det skjedde før britane erobra Louisbourg og Quebec, og varsla slutten for den franske makta i Nord-Amerika meir generelt.McKay, Ian and Bates, Robin. In the Province of History: The Making of the Public Past in Twentieth-Century Nova Scotia. McGill-Queen's University Press. 2010. s. 78.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siege of Port Royal (1710)» frå , den 29. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Port Royal 1710 Port Royal 1710 Port Royal 1710 Kategori:Konfliktar i Canada Kategori:Konfliktar i 1710 Kategori:Ny-Frankrike Kategori:Historia til Nova Scotia Kategori:Historia til Massachusetts