Charlotte's Web (norsk tittel Charlottes tryllevev) er ein amerikansk teiknefilm frå 1973, produsert av Hanna-Barbera Productions og Sagittarius Productions. Filmen er basert på E.B. White si klassiske barnebok med same namn frå 1952. Dei originale stemmene i filmen har mellom andre Debbie Reynolds, Paul Lynde og Henry Gibson.
Ein oppfølgjar til filmen laga for video og DVD, Charlotte's Web 2: Wilbur's Great Adventure (norsk tittel Wilburs store eventyr), kom ut i 2003. I 2006 vart forteljinga filmatisert på nytt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Familiefilmar Kategori:Filmkomediar Kategori:Filmar frå 1973 Kategori:Filmar frå USA Kategori:Teiknefilmar