Xenon er eit grunnstoff med atomnummer 54 og kjemisk symbol Xe. Det er ein fargelaus og luktfri edelgass. Små mengder xenon finst i atmosfæren.

Spesielle kjenneteikn Som edelgass har xenon ingen valenselektron og er derfor som regel i gassform som sjeldan reagerer med andre atom. Xenongass samla i ein kolbe og tilført elektrisk lading vil gløda blått.

Ein har klart å skapa metallisk xenon ved hjelp av eit trykk på fleire gigapascal. Xenonmolekyl kan òg danna innesluttingssambindingar med vatn dersom dei blir fanga i eit nettverk av vassmolekyl.

Historie

Xenon vart oppdaga av William Ramsay og Morris Travers i 1898 som solide restar etter at flytande luft hadde fordampa. Namnet xenon er gresk og tyder ‘utlending’ eller ‘ukjend’.

Bruk

Xenon vert brukt i lysrøyr, der det gir ein blåfiolett farge.

I høge konsentrasjonar kan xenon brukast som narkosemiddel.

Den radioaktive isotopen 133Xe blir brukt i diagnose av lungefunksjon.

I dei siste åra har Xenon vorte brukt i romfart som drivmiddel i såkalla ionemotorar. Her blir xenon ionisert og sendt i stor fart ut av motoren. Slike motorar er drivne av elektrisitet frå solpanel eller frå ein kjernereaktor, til skilnad frå kjemiske rakettmotorar der energien er i drivstoffet sjølv. Ionemotorar skil seg frå rakettmotorar ved at dei ha svært låg effekt men er svært effektive, og vil derfor kunne virke i lang tid av gangen. Slike mototar har vorte brukt blant anna I NASA sitt «deep impact»-program og i ESA sin SMART-1 sonde.

Kjemi

Sjølv om xenon er ureaktiv, kan ein likevel danne xenonsambindingar med fluor og oksygen, slik som XeF2, XeF4, XeF6, XeO3 og XeOF4. Alle er kraftige oksydasjonsmiddel, og er kommersielt tilgjengelege.

Sjå òg Grunnstoffliste Periodesystemet Isotoptabell

Bakgrunnsstoff

Webelements - Xenon

Kategori:Edelgassar Kategori:Generelle anestetika Kategori:Nikotinantagonistar Kategori:NMDA-reseptorantagonistar Kategori:5-HT3-antagonistar Kategori:Glysinreseptoragonistar Kategori:Rakettdrivstoff Kategori:Industrigassar Kategori:Grunnstoff