Jacques Peletier du Mans (), også med stavinga Pelletier, var ein fransk renessanse-humanist, diktar, omsetjar og matematikar. Han vidareutvikla mellom anna den europeiske metoden for å namngje store tal. mini|De occulta parte numerorum, quam algebram vocant, 1560

Pelletier var fødd i Le Mans i ein borgarleg familie. Han studerte ved Collège de Navarre i Paris der broren Jean var professor i matematikk og filosofi. Han studerte seinare juss og medisin, blei del av den litterære sirkelen rundt Marguerite de Navarre og var frå 1541 til 1543 sekretær for René du Bellay.

I 1541 gav Pelletier ut den første franske omsetjinga av Ars poetica av Horats. I 1547 gav han ut ei diktsamling av fleire omsetjingar og eigne dikt, Œuvres poétiques. På denne tida gav han også ut fleire vitskaplege og matematiske avhandlingar.

I 1550 la han fram ei avhandling som tala for ein fonetisk fransk ortografi ettersom skriftspråket, påverka av latin, var blitt temmeleg ulogisk. Han brukte sjølv dette systemet i verka han utgav, og stava etter dette namnet sitt med éin l.

Jacques Peletier vidareutvikla ein skala for store tal føreslått av Nicolas Chuquet i 1485. Medan Chuquet hadde gjeve tal namn for kvart sjette siffer, føreslo Peletier namn for kvart tredje siffer. Han fann også på suffikset -illiard, som i milliard. Dette systemet er framleis brukt i dei fleste europeiske land og i mange land med europeisk talsystem.

  Chuquet-Pelletier-systemet (lang skala)    Base 10    Systematikk   Chuquet    Peletier      SI-prefiks       10  0    million 0unitunit-    10  3    Million 0.5tusentusenk (kilo)    10  6    Million 1MillionMillionM (mega)    10  9    Million 1.5 tusen millionar MilliardG (giga)    10 12    Million 2BillionBillionT (tera)    10 15    Million 2.5tusen billionarBilliardP (peta)    10 18    Million 3TrillionTrillionE (exa)    10 21    Million 3.5 tusen trillionar Trilliard Z (zetta)    10 24    Million 4KvadrillionKvadrillionY (yotta)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacques Peletier du Mans» frå , den 7. juni 2011.

Kategori:Folk frå Le Mans Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske matematikarar Kategori:Renessanseforfattarar Kategori:Matematikarar på 1500-talet