mini|Åtte songarar framfører «The Octet» frå revyen Hitting Back. mini|Noteblad frå Schubert sin oktett i F-dur, D 803. Oktett (frå latin octo, 'åtte', gjennom italiensk) er ei musikalsk nemning for ei musikkgruppe med åtte medlemmer eller eit verk skrive for ei slik gruppe. Tittelen blei først brukt om komposisjonar på 1800-talet.

Alle slags instrument og stemmar kan danna ein oktett, men nokre samansetjingar er vanlegare enn andre i ulike musikktradisjonar. Oktett er ei av dei største gruppene som kan spela kammermusikk. Her finn ein gjerne reine strykeoktettar, i nokre høve «doble kvartettar» med to par fiolinar, to bratsjar og to celloar.

Oktettar er vanlege innan jazz og som ulike slags kor, og mindre vanlege innan rock og popmusikk.

Døme Oktett i F-dur, Op. 103 av Ludwig van Beethoven frå 1793 for to oboar, to klarinettar, to fagottar og to valthon Oktett i F-dur, D 803 av Franz Schubert frå 1824 blei skriven for klarinett, fagott, valthorn, to fiolinar, bratsj, cello og kontrabass. Oktett i Ess-dur, Op. 20 av Felix Mendelssohn blei skriven i 1825, då komponisten var 16. Stykket er skrive for ein dobbel strykekvartett. Oktett av Igor Stravinskij frå 1923 for tverrfløyte, klarinett i B♭ og A, to fagottar, trompet i C, trompet i A, tenortrombone og basstrombone.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oktett» frå , og «Octet (music)» frå den 9. juni 2011.

Kategori:Musikkgrupper Kategori:Ord av latinsk opphav Kategori:Italienske ord og uttrykk Kategori:Talet 8